Jeff Goldblum

amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jeff Goldblum
Remove ads

Jeffrey Lynn «Jeff» Goldblum (fødd 22. oktober 1952) er ein amerikansk skodespelar som har spelt på teater, fjernsyn og film. Han har spelt fleire gonger på Broadway og vore Oscar- og Emmy-nominert.

Kjappe fakta
Thumb
Jeff Goldblum om lag 1985.
Thumb
Jeff Goldblum i filmfestivalen i Toronto i 2007.

Goldblum voks opp i West Homestead i Pennsylvania, ein forstad til Pittsburgh. Faren var lege og mora arbeidde i radio før ho seinare grunnla eit selskap som selde kjøkkenutstyr. Familien var ortodokse jødar.

17 år gammal flytta Jeff Goldblum til New York for å bli skodespelar. Han fekk opplæring av Sanford Meisner ved teaterskulen Neighborhood Playhouse og debuterte på Broadway i Shakespeare-stykket The Two Gentlemen of Verona. Goldblum filmdebuterte med ein mindre rolle i Death Wish, regissert av Charles Bronson, i 1974.

Goldblum har vore gift to gonger, først med Patricia Gaul frå 1980 til 1986, seinare med skodespelarkollegaen Geena Davis, som han også spelte saman med i tre filmar.

Remove ads

Utvalde filmar

  • Death Wish (1974)
  • Annie Hall (1977)
  • Silverado (1985)
  • The Fly (1986)
  • Earth Girls Are Easy (1988)
  • Jurassic Park (1993)
  • Independence Day (1996)
  • The Lost World: Jurassic Park (1997)
  • The Prince of Egypt (1998)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads