Jendrik Sigwart

tysk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jendrik Sigwart
Remove ads

Jendrik Sigwart (fødd 27. august 1994) er ein tysk songar og låtskrivar. Han representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med låten «I Don’t Feel Hate‎».[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Sigwart vart fødd og voks opp i Hamburg som den nest eldste i ein syskenflokk på fire. Allereie som barn byrja han å spele fiolin og piano. Etter å ha fullført vidaregåande skule studerte han musikalteater ved Hochschule Osnabrück. Han har skrive fleire eigne songar, både for vokal og favorittinstrumentet hans ukulele.[1]

Då speleoppdraga ikkje kom i 2020 på grunn av koronaviruspandemien, brukte Sigwart i staden tida på å skrive ein song og produsere ein musikkvideo til han. Han la ut ein humoristisk post på TikTok og Instagram under mottoet: «How to make a Musikvideo».[1][2][3]

Sigwart hadde drøymt å delta i Eurovision Song Contest, noko han fortalde om i fleire av videoane sine på sosiale medium. Hausten og vinteren 2020–2021 deltok han i uttakingsprosessen for å verta den tyske representanten i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Blant rundt hundre deltakarar vart Sigwart vurdert av to uavhengige jurygruppar, og til slutt vald til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest. Den tyske kringkastaren offentleggjorde deltakinga i februar 2021, og låten «I Don't Feel Hate» vart offentleggjort 25. februar.[1][2] I Eurovision Song Contest enda Sigwart nest sist i finalen, med berre 3 poeng frå juryane og 0 frå sjåarane.[4]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads