Jens Stoltenberg
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Stoltenberg (fødd 16. mars 1959) er ein norsk politikar og tidlegare generalsekretær i Nato. Den 4. februar 2025 vart han utnemnd til finansminister i Støre-regjeringa.[1] Han har forutan vore norsk statsminister to gonger og partileiar for Arbeidarpartiet. Dessutan har han vore finansminister ein gong tidlegare, nærings- og energiminister og statssekretær i Miljøverndepartementet.
Remove ads
Politisk karriere
Stoltenberg blei norsk statsminister den 17. oktober 2005 som leiar for andre Stoltenbergregjeringa. Han var tidlegare statsminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i regjeringa Stoltenberg I. Kjell Magne Bondevik etterfylgde Stoltenberg som statsminister i 2001, medan Stoltenberg i sin tur etterfylgde Bondevik i 2000 og 2005.
Jens Stoltenberg er òg leiar av Arbeiderpartiet, eit verv han overtok etter Thorbjørn Jagland i november 2002. Frå 1992 hadde han vore fyrste nestleiar i Ap. Han har vore finansminister (1996–1997), nærings- og energiminister (1993–1996) og statssekretær i Miljøverndepartementet (1990–1991).[2]
Han er den fyrste norske statsministeren nokonsinne som har vitja Sørpolen. Dette skjedde i 2011, då han skulle vere med og markere 100-årsjubileet for Roald Amundsen sin ankomst til Sørpolen.[3]

Remove ads
Andre verv
Stoltenberg gjekk av etter åtte år som statsminister hausten 2013. Den 1. oktober 2014 gjekk Stoltenberg inn i stillinga som generalsekretær i Nato.[4] Perioden hans vart forlenga fire gongar blant anna på grunn av krigen i Ukraina.[5][6]
Personleg
Stoltenberg vart fødd i Oslo som son av tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg. Han er utdanna sosialøkonom, gift og har to barn.
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads