Krigen i Ukraina

From Wikipedia, the free encyclopedia

Krigen i Ukraina
Remove ads

Krigen i Ukraina er ein langvarig væpna konflikt mellom Russland og Ukraina. Han tok til på Krimhalvøya i februar 2014, som ein konflikt om statusen til dei ukrainske regionene Krim og Donbass.[1] Konflikten blussa opp på nytt våren 2021. 24. februar 2022 invaderte russiske styrkar Ukraina.[2]

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Remove ads

Bakgrunn

Ukrainakrisa[3] byrja 21. november 2013 då presidenten i landet, Viktor Janukovitsj, avslutta førebuingane til ein assosieringsavtale med EU. Ein slik assosieringsavttale skulle gjera Ukraina mindre avhengig av Russland. Avgjerda førte til ei rekkje store demonstrasjonar i Kiev frå folk som støtta avtalen, og vart òg ein protest mot korrupsjon i det ukrainske statsapparatet. I februar 2014 blei presidenten nøydd til å gå av. Deretter følgde protestar i russiskvennlege, hovudsakleg russisktalande område aust og sør i Ukraina, der Janukovitsj hadde hatt mykje av støtta si. Deretter utvikla ei ny krise seg då Russland invaderte desse regionane og annekterte Krim-halvøya i mars 2014. Dette oppmuntra russisktalande ukrainarar i Donetsk og Luhansk, og områda gjekk inn i ein borgarkrig mot sentralstyresmakta frå april 2014. Etterkvart som konflikten utvikla seg blei den russisktalande ukrainske opposisjonen til ein pro-russisk oppreist som ofte fekk hjelp frå det russiske militæret og russiske spesialstyrkar.[4][5]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads