Jesús España

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jesús España
Remove ads

Jesús España Cobo (fødd 21. august 1978) er ein spansk friidrettsutøvar frå Valdemoro som internasjonalt oftast tevla på løpsdistansar mellom 1500 m og 5000 meter. Han vart europameister på 5000 meter i 2006 og tok sølvmedaljen på same distansen i EM 2010. I innandørs-EM tok España tre bronsar på 3000 m i tida 2002-09.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Españas internasjonale gjennombrot kom med tredjeplassen på 3000 meter ved innandørs-EM 2002. Same året sette han personleg rekord på 1500 meter med 3.36,5 i Doha. I 2004 vann han 5000 m under den ibero-amerikanske meisterskapen.

Den største triumfen for España kom i europameisterskapen 2006. På Ullevi stadion i Göteborg slo han i spurten den britiske representanten, Mo Farah, med ni hundredels sekund og vann 5000-metergullet på tida 13.44,70. Like etter forbetra han den personlege rekorden på 3000 meter til 7.38,2.

España tok ein ny bronsemedalje på 3000 meter ved innandørs-EM 2007. Han vart sjuandemann på 5000 m i VM 2007 i Osaka. I OL 2008 i Beijing hamna han nede på 14. plass på 5000 meter, året etter sikra han seg i Torino si tredje bronsemedalje på 3000 meter i eit innandørs-EM.

Under europameisterskapen 2010 i España sitt heimland, var han i spurten sjanselaus mot Mo Farah då han skulle forsvare EM-tittelen på 5000 m. Han var to sekundar bakom Farah i mål, men berga likevel sølvmedaljen i tevlinga. I juli 2011 forbetra España den personlege rekorden på 5000 m med seks sekundar til 13,04,7 under eit storstemne i Monaco, og i mars 2012 sprang han i Lisboa med tida 28.26,2 sitt raskaste milløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads