Jibla

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jibla
Remove ads

Jibla (arabisk skrift جبلا) er ein by sørvest i Jemen, nær Ibb, i ei høgd på 2 200 moh. Byen og området vert vurdert innskriven på verdsarvlista til UNESCO på grunn av den universelle kulturelle verdien.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Etter at herskaren av Sulayhid-dynastiet, Ali al-Sulayhi, døydde i 1067, vart ektemannen til Arwa al-Sulayhi, Ahmad, på papiret herskaren over Jemen. Sidan han var både lam og sengeliggande på grunn av krigsskadar, gav han all makta si til Arwa. Noko av det første ho gjorde var å flytte hovudstaden frå Sana'a til Jibla for å vere i ei betre stilling til å øydeleggje Sa'id ibn Najar og slik hemne drapet på svigerfaren. Dette klarte ho ved å lure han i ei felle i 1088. Arwa bygde eit nytt palass i Jibla, og omgjorde det gamle palasset til ein stor moské, der ho vart gravlagd då ho døydde.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads