Jobriath av Jobriath

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jobriath er debutalbumet til den amerikanske glamrockartisten Jobriath, gjeve ut i 1973.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dave Thompson i Allmusic skreiv om albumet: «Storslått, grandiost, obsessivt, anmassande, bråkete, pretensiøst -- du kan bruka heile livet på å bla gjennom synonymordboka og likevel aldri setja fingeren på alt som gjer debuten til Jobriath til den legenda det er. Ein del av problemet er sjølvsagt omdømmet -- etter 20 år med å ha blitt hamra ut som hypen som øydela glamrocken i USA, er Jobriath i dag æra like mykje for statusen sin som homofil. Fjernar ein alt rundt så sit du framleis igjen med eit album som fortener all heider. Sjølvsagt er det rock -- «World Without End» og «Earthling» er til og med funkrock, og skuggar på smart vis David Bowie sine «Fame» og «Stay» slik at ikkje kan la vere å lure - men det er så mykje meir enn det. Røysta til Jobriath ligg ein stad mellom vaudeville og operatisk; tekstane hans oser av pantomime, romvesen og filmstjerner, og arrangementa hans får Queen til å høyrast ut som eit underpresterande garasjeband. Nokre år seinare kom Meatloaf til ta eit liknande grep om det store overskotet og tena ein million. Jobriath laga ein kvernstein, men parallellane er like tydelege. Storslått og grandiost, obsessivt og overberande, tidleg og pretensiøst – det er Jobriath. Kva anna forventa du?»[1]

Plateomslaget vart fotografert av Shig Ikeda.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Jobriath

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Jobriath - vokal
  • Billy Schwartz - gitar
  • Steve Love - gitar
  • John Syomis
  • Andy Munson - bass
  • Ken Bichel - klaverinstrument
  • Peter Frampton - gitar
  • Carl Hall - korvokal
  • Tasha Thomas - korvokal
  • Rhetta Hughes - korvokal
  • Heather Macrae - korvokal
  • Zenobia - korvokal
  • Peggy Nestor
  • Gerhard

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads