Stay av David Bowie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Stay» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1975 for albumet Station to Station, gjeve ut i januar året etter. Han var basert på eit funkygitarriff som dominerte songen og som vart skriven av gitaristen Earl Slick under innspelinga for albumet. I juli 1976 vart han gjeven ut som singel av RCA i USA. B-sida til singelen var «Word on a Wing».
Verset og refrengstrukturen kan sporast attende til «John, I'm Only Dancing (Again)», ein song spelt inn for Young Americans, men først gjeven ut (som singel) i 1979.[2]
Remove ads
Innhald
Alle songar skriven av David Bowie.[3]
- «Stay» – 3:21
- «Word on a Wing» – 3:10
Produksjon
- Produsent:
- Musikarar:
- David Bowie – solovokal, Minimoog, Mellotron
- Warren Peace – perkusjon, korvokal
- Earl Slick – elektrisk gitar
- Carlos Alomar – elektrisk gitar
- George Murray – bass
- Dennis Davis – trommer
Konsertversjonar
- Eit konsertopptak frå Isolar-turneen i Nassau Coliseum på Long Island den 23. mars 1976 vart først gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Station to Station frå 1991. Den same framføringa er med på albumet Live Nassau Coliseum '76, som vart gjeven ut som ein del av 2010-utgåva av Station to Station,[4] i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016 og som eit eige album i 2017.
Isolar II-turneen kom ut i 2005 og 2017 på dei utvida utgåvene av konsertalbumet Stage.[4][5] Eit opptak frå sommaren 1978 frå same turné kom ut på konsertalbumet Welcome to the Blackout i 2018.
- Framføringa til Bowie den 25. juni 2000 av songen på Glastonbury-festivalen kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.
- Ei innspeling frå BBC Radio Theatre, London, 27. juni 2000 vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første versjonane av Bowie at the Beeb.[4]
Andre utgjevingar
- Songen vart òg gjeven ut som B-side til «Suffragette City» i juli 1976.[4]
- Singelversjonen finst òg på Christiane F.-soundtracket. Han er òg på Re:Call 2, ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) (2016).
- Ein nyinnspelt versjon av songen frå 1997 kom ut tidleg i 2020 som ein del av EP-en Is It Any Wonder?.
Andre versjonar
- Ava Cherry - Singel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads