Johann Hermann Schein

tysk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Johann Hermann Schein
Remove ads

Johann Hermann Schein (fødd 20. januar 1586 i Grünhain i Sachsen, død 19. november 1630 i Leipzig) var ein tysk komponist, kyrkjemusikar, salmebokutgjevar og jurist som arbeidde i Leipzig. Schein var ein av grunnleggjarane av den tyske barokkmusikken, og vart på si tid nemnd i saman med Samuel Scheidt og Heinrich Schütz som «dei tre kjende S'ane». Både Scheidt og Schültz var fødd innanfor same året som Schein.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Frå 1616 var Schein kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, og frå den posten hadde han ansvar for vokalmusikken i samtlege kyrkjer i byen, samt at han underviste i musikk. Schein hadde eit eige forlag, der han gav ut sine eigne komposisjonar, som bestod av både kyrkjemusikk som verdsleg musikk og instrumentale verk. Av dei instrumentale formene han nytta seg av finst suitar, som til dømes Banchetto musicale frå 1617. 1623 gav han ut ei samling madrigalar, Israelis Brünlein, i ein stil som var eit resultat av italiensk madrigalkunst blanda med den tyske protestantiske kyrkjemusikktradisjonen.

Remove ads

Verk

Av den store korproduksjon hans kan ein nemne Venus Kräntzlein (1609) for fem stemmer, Cymbalum Sionium (1615) for 5–12 stemmer, Tedeum (1618) og Gesangbuch Augspurgischer Confession (1627). Av instrumentalverka hans finn ein Banchetto musicale newer anmutiger Padouanen, Gagliarden, Courenten und Allemanden à 5, auff allerley Instrumenten (1617).

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads