Johann Joseph Fux
austerriksk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johann Joseph Fux (fødd kring 1660 i Hirtenfeld ved Graz, død 13. februar 1741 i Wien) var ein austerriksk komponist og musikkteoretikar.

Fux var bondeson og ein kjenner lite til det tidlege livet hans, bortsett frå at han rundt 1680 studerte ved universitetet i Graz og mellom 1683 og 1687 i Ingolstadt. I 1696 vart han utnemnd til organist ved Schottenstift i Wien og denne posten heldt han til 1702 da keisarhoffet vart merksam på han og utnemnde han til hoffkomponist. Frå 1701 vart han kapellmeister ved Stephansdom i Wien og i 1711 musikkdirektør ved hoffet, ein av dei viktigaste embeta i det europeiske musikklivet. Som musikkdirektør skreiv han mange operaer og oratorium.
Den mest kjende operaen hans, Costanza e Fortezza, vart oppført i Praha i høve kroninga av keisar Karl VI til konge av Böhmen.
Fux underviste òg komposisjon og av elevane hans var Georg Christoph Wagenseil, Gottlieb Muffat og Jan Dismas Zelenka.
Remove ads
Verk
Det viktigaste verket til Fux var læreboka i komposisjon Gradus ad Parnassum (1725). Boka var skrive på latin og vart i 1742 omsett til tysk av Lorenz Christoph Mizler, ein av elevane Bach. Boka tente som lærebok i kontrapunkt fram til 1900-talet.
Fux komponerte 18 operaer, 50 messer, tre rekviem, 57 vesperar og salmar, 10 oratorium og 29 partitaer.
I motsetnad til Gradus ad Parnassum gjekk musikken hans fort i gløymeboka.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Johann Joseph Fux» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
- Verk av og om Johann Joseph Fux i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Scenemusikk
- Verknummerering etter Ludwig Ritter von Köchel, 1872
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads