Johannes Gjerdåker

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Johannes Gjerdåker, (15. februar 193627. april 2020), var ein norsk historikar, filolog, poet og omsetjar frå Voss.[1]

Kjappe fakta

Gjerdåker studerte ved Universitetet i Oslo, dreiv sitt eige Vestanbok forlag, skreiv lokalhistoriske bøker, bygdebøker og bedriftssoger og gav ut ei rad attdiktingar. Gjerdåker var målmann, gav ut skrifter av Ivar Aasen og var lenge fast spaltist i Avisa Hordaland. Han skreiv òg mange innlegg i Dag og Tid og andre aviser og tidsskrift.[2]

Han omsette òg Beatles' «When I’m Sixty-Four» for Ivar Medaas og Joni Mitchells «Both sides now» for Herborg Kråkevik.

Til 70-årsdagen hans i 2006 vart han tileigna eit festskrift. Vennen Nils Ryum hadde også omsett William Goldings Arvtakerne som ei gåve til jubilanten.

Remove ads

Eit utval bøker

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Han fekk i 1996 Bastianprisen for gjendiktinga av Robert Burns sine Dikt og songar og fekk Melsomprisen i 1999. I 2005 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing (for Odar av Horats, andre samling.)[3] Han fekk Voss kommunes kulturpris i 1992, og i 2001 fekk han Hønnørprisen frå fondet til Halldor O. Opedal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads