John Herschel
britisk fotograf og astronom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sir John Frederick William Herschel, 1. baronett (7. mars 1792–11. mai 1871)[1] var ein engelsk matematikar, astronom, kjemikar, oppfinnar og eksperimentell fotograf, som i somme år gjorde verdifullt botanisk arbeid.[1] Han var son av astronomen William Herschel og var sjølv far til tolv barn.[1]
Herschel var den første som brukte det juliansk dag-systemet i astronomi. Han namnsette sju saturnmånar og fire uranusmånar. Han bidrog mykje til fotografi-vitskapen, og undersøkte fargeblinde og den kjemikalske krafta til ultrafiolette stråler.
Herschel var leiar for Royal Astronomical Society i tre periodar: 1827–29, 1839–41 og 1847–49.[2][3] Han blei vald til utanlandsk æresmedlem ved American Academy of Arts and Sciences i 1832[4] og som utanlandsk medlem av Det svenske vitskapsakademiet i 1836.
Remove ads
Heider
Småbyen Herschel i Saskatchewan i Canada, Mount Herschel i Antarktis, krateret J. Herschel og Herschel Girls' School i Cape Town i Sør-Afrika har fått namn etter han.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads