John Savio-prisen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

John Savio-prisen, tidlegare John Savio-stipend, er ein norsk kunstnarpris som blir delt ut annakvart år til ein kunstnar med samisk bakgrunn og identitet, som har gjort seg særleg notert i kunstfeltet i Noreg, anten ved prosjekt som utmerker seg i nyare tid eller ved det samla kunstnarvirket sitt. Prisen kan òg gjevast til ein person som har gjort ein spesielt oppsiktsvekkande innsats til å fremja kunst med rot i samisk kultur i Noreg. Prisen blir delt ut av Bildende Kunstneres Hjelpefond i samarbeid med Samisk Kunstnerforbund og Nordnorsk Kunstmuseum.

I 2015 blei det årlege John Savio-stipendet avvikla og erstatta med John Savio-prisen, som blir delt ut annakvart år. Prisen er på 150 000 kr. Prisvinnaren blir vald av ein jury sett saman av tre personar, der to er oppnemnde av Samisk Kunstnerforbund og ein frå Nordnorsk Kunstmuseum.

Prisen har namn etter den samiske kunstnaren John Savio. John Savio fekk stilla ut separat for fyrste gong i 1937 i Paris, og fekk positiv omtale i tidsskriftet L'Illustration.[1] Etter at han døydde er han blitt anerkjend som ein av dei største samiske kunstnarane, og han var den fyrste samiske kunstnaren som stilte ut separat på Nasjonalgalleriet.[2]

Remove ads

Prismottakarar av John Savio-prisen

Mottakarar av John Savio-stipend 1985–2014

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads