Hans Ragnar Mathisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hans Ragnar Mathisen, samisk namn Elle-Hánsa[1], også kjend som Keviselie, (fødd 1. juli 1945) er ein norsk samisk malar, grafikar, skulptør og forfattar.[1][1][2][3][4]
Bakgrunn
Tuberkulose
Mathisen var fødd i Narvik. Som barn fekk han tuberkulose, og blei send til det dåverande Kysthospitalet i Tromsø, der han var innlagt frå 9. mai 1949 til 21. september 1956. I denne lange perioden fekk han ha svært lite kontakt med foreldra sine og annan familie. Tre av onklane hans og den eine bestefaren døydde av sjukdommen. Sjølv blei han friskmeld i 1955, men måtte bli verande på sjukehuset endå eit år fordi mora hans var sjuk. Dette var ein traumatisk del av oppveksten som òg har prega kunstnarskapet hans. Han har fortalt om denne erfaringa i både tekst og bilde i den sjølvbiografiske kunstboka Elle Hánsa, Keviselie, som kom ut i 1998 på DAT forlag med Nils-Aslak Valkeapää som redaktør.
Namnet Keviselie
Mathisen fekk namnet «Keviselie» av landsbyoverhovudet Yieny Sanyu i Khonoma i India i 1977. Det er eit namn på språket til folkegruppa angami naga, og er sett saman av ordet kevi, som betyr 'godheitø eller 'god', og selie som betyr 'møte'.[5]
Remove ads
Kunstnarisk virke
Biletkunst
Mathisen utdanna seg ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole si målerilinje og Statens kunstakademi, måleri og grafikk hjå mellom anna Ludvig Eikaas.
Han debuterte som biletkunstnar i 1969 med to akvarellar på Nord-norsk kunstutstilling i Tromsø. I 1970 blei han ein av dei første samiske kunstnarane som stilte ut på Haustutstillinga.
I kunstnarskapet sitt er han mellom anna kjent for karta sine over Sameland.[6] Den polske filmskaparen Marek Ranis har laga ein dokumentarfilm kalla Kartografen om dei kunstnariske karta til Mathisen.
I 1998 gav DAT forlag ut ei bok om Mathisen si kunst, med Nils-Aslak Valkeapää som redaktør.[7]
Hans Ragnar Mathisen var ein av initiativtakarane til stiftinga av Samisk Kunstnergruppe i 1974
Han har hatt ei rekkje separatutstillingar og utsmykkingsoppdrag og er innkjøpt av mellom anna Nordisk ministerråd og av Samisk Kulturråd. Mathisen er ein av kunstnarane med flest innkjøpte kunstverk i Sametinget si innkjøpsordning ved Samisk kunstmagasin. Han deltok òg på den internasjonalen og tonegivande kunstmønstringa Documenta 14 i Kassel i 2017, saman med fem andre samiske kunstnarar frå Noreg og Sverige.[8][9]
Mathisen har òg sjølv arrangert festivalar, utstillingar og konsertar.
Forfattarskap
Mathisen sitt forfattarskap omfattar mellom anna skodespelet Ikke ingenting : et teaterstøkke i tre akte (1983).
Bibliografi (utval)
- 1982: Eallima govat : muorravajusat ja divttat (engelsk tittel: The Circle of Life : Woodblock prints & poems)
- 1983: Ikke ingenting : et teaterstøkke i tre akte (dramatikk)
- 1998: Elle Hánsa, Keviselie
Remove ads
Prisar og utmerkingar
I 1992 blei han tildelt Troms fylkeskommune sin kulturprisen for innsatsen sin for samisk kultur. Mathisen har mottatt Statens garantiinntekt for kunstnarar sidan 1995.
I 2015 blei han utnemnd til æreskunstnar av Sámi allaskuvla/Samisk høgskole i Kautokeino.[1][10]
I 2021 blei Hans Ragnar Mathisen tildelt den samiske kunstprisen John Savio-prisen frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads