Jordanes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jordanes var ein romersk historieskrivar på 500-talet. Han var ifølgje eigne opplysingar av gotisk avstamming, og skreiv eit kjent historieverk om dei som har bevart gotiske soger og historiske tradisjonar.[1]

Kjappe fakta

Jordanes var notarius, eller sekretær, for den gotiske høvdingen Gunthigis. Han blei seinare munk.[2]

Jordanes skreiv det latinske verket De origine actibusque Getarum («Om opphavet og gjerningane til gotarane»), ei omarbeiding av Cassiodorus si gotarsoge som seinare er gått tapt. Han forfatta også ei verdshistorie fram til 552 e.Kr.[1]

Filologen Sigmund Skard omsette Jordanis Gotesoga til norsk, ei bok som kom ut i 1932 og er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads