Jorma Kinnunen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jorma Kinnunen
Remove ads

Jorma Vilho Paavali Kinnunen (15. desember 194125. juli 2019) var ein finsk friidrettsutøvar frå Pihtipudas. Han vann sølvmedaljen i spydkast under Sommar-OL 1968, året etter sette han verdsrekord med 92,70 meter. Kinnunen var 174 cm høg, lite til spydkastar å vere, og vart gjerne kalla den vesle kjempa. Han var far til spydkastaren Kimmo Kinnunen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Kinnunen deltok i tre olympiske sommarleikar og i tre europameisterskap i perioden 1964 til -72. Han vart nummer seks i dei olympiske sommarleikane både i 1964 og i 1972. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico by utkjempa han ein drabeleg duell mot Janis Lusis. Etter 2. omgangen tok Lusis leiinga med eit kast på 86,34, berre fire cm føre Kinnunen. Denne stillinga stod seg fram til sjette og siste omgangen. Lusis opna omgangen med eit kast på heile 90,10 m. Også Kinnunen la på i sisteomgangen, men med 88,58 m vart det sølvplass.

18. juli 1969 sette Kinnunen verdsrekord i spydkast i Tammerfors med eit kast på 92,70 meter. Han var då mellom dei største favorittane under EM i Athen eit par månader seinare. Men han enda som nummer 10. Hans beste EM-prestasjon kom i 1971, då han på finsk heimebane kom på femteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Finsk meister fem gongar

År19641965196619681969
Lengde (m)77,7382,4884,1085,8089,72

Under det finske meisterskapet 1970 demonstrerte Kinnunen og kollega Pauli Nevala, gjennom tre "overtrampskast", både mot det finske friidrettsforbundet og mot finske media. Dei to protesterte mot det dei oppfatta som dårleg behandling.

Personlege rekordar og årsbeste

År1963196419651966196819691970197119721974
Lengde (m)75,3384,6388,1484,1088,5892,7090,0087,7885,5080,56
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads