Pauli Nevala

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pauli Nevala
Remove ads

Pauli Lauri Nevala (fødd 30. november 1940 i Pojo) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1964. Fem år seinare fekk han sølvmedalje i EM i friidrett.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Nevala slo gjennom i 1961-sesongen då han først vart finsk meister, og sidan sette finsk rekord med eit kast på 84,23 m.

I 1964 skadde han eit auge under i ei bilulykke i Mexico, slik at han ikkje kunne trene fram til august månad. Under OL 1964 i Tokyo vann han overraskande gullmedaljen med eit kast på 82,66 m, hans lengste kast for sesongen. Under OL 1968 vart han utslått i kvalifiseringa.

Han deltok i tre europameisterskap. I 1962 vart han utslått i kvalifiseringa og i 1966 vart han nummer fire. Under EM 1969 i Aten presterte han heile 89,58 m i sitt bestekast, noko som gav han sølvmedaljen bak den sterke sovjet-latviaren Janis Lusis.

Nevala deltok i alle sesongar i mange tevlingar. I 1969 var han med i 48 tevlingar og passerte 80-meterstreken i 41 av dei. I 1970 stilte han opp i 54 tevlingar, i fem av dei kasta han spydet over 90 m. Hans lengste kast i 1970-sesongen kom i Helsingfors den 6. september, i ein landskamp mot Sverige. Der slengde han spydet 92,64 m, det lengste kastet i verda det året og berre seks cm bak landsmannen Jorma Kinnunen sin verdsrekord.

Etter at Nevala i 1970 uttalte til den svenske avisa Aftonbladet at han kravde minst 800 svenske kroner for å delta i stemne, innleidde IOK-presidenten Avery Brundage granskingar om moglege brot på amatørvedtektene. Ved sesongopninga i april 1971 i Abidjan pådrog Nevala seg ein skulderskade, og vart tvinga til å leggje opp. IOC innstilte då sine granskingar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Personlege rekordar og årsbeste

År19601961196219631964196519661967196819691970
Lengde (m)72,5684,2380,8086,3382,6680,0482,7284,5484,9291,4092,64
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads