Joseph Bertrand

fransk økonom og matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Joseph Bertrand
Remove ads

Joseph Louis François Bertrand (fødd 11. mars 1822 i Paris, død 5. april 1900) var ein fransk matematikar. Han er kjend for den elegante bruken sin av differensiallikningar innanfor analytisk mekanikk, spesielt termodynamikk, og dessutan for arbeida sine om statistisk sannsynsrekning, kurveteori og overflateteori.

Bertrand var tidleg utvikla og byrja å høyre forelesningar ved École polytechnique berre 11 år gammal. Han tok doktorgraden i 1839, og var professor i matematisk fysikk ved Collège de France. Frå 1874 var han sécrétaire perpétuel ved Vitskapsakademiet i Paris, og i 1884 vart han oppteken i Det franske akademiet.

Boka hans Calcul des probabilités inneheld eit paradoks kalla Bertrands paradoks. Bertrand diskuterer sannsynet for at ein vilkårleg korde i ein sirkel er lenger enn ei side i likesida trekant innskriven i sirkelen, og viser korleis dette problemet fører til ulike resultat etter korleis ein reknar ut sannsynet.

Remove ads

Verk

  • Traité elementaire d’algèbre (1850)
  • Methode des moindres carrés (1855)
  • Traité de calcul différentiel et de calcul intégral (1864–1870)
  • Arago et sa vie scientifique (1865)
  • Thermodynamique (1887)
  • Calcul des probabilités (1888)
  • D’Alembert (1889)
  • Leçons sur la théorie mathématique de l’électricité (1890)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads