Joseph Taylor Robinson

amerikansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Joseph Taylor Robinson
Remove ads

Joseph Taylor Robinson (26. august 187214. juli 1937) var ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han representerte Arkansas i Representanthuset og Senatet gjennom fleire tiår først på 1900-talet, og var òg guvernør i Arkansas frå januar til mars 1913. Han var visepresidentkandidaten til Al Smith ved presidentvalet i 1928.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Karriere

Robinson vart fødd på ein gard ved byen Lonoke i Arkansas. Han gjekk ved University of Arkansas, og seinare ved University of Virginia, der han vart utdanna jurist. Robinson vart vald inn i den lovgjevande delstatsforsamlinga i Arkansas i 1894, og sat der i éin periode. Han vart vald inn i Representanthuset i Kongressen for i 1902, og vart gjenvalt ved fire høve, slik at han sat i stillinga til 1913. I 1912 vart han vald til guvernør av Arkansas, og trekte seg dermed frå Kongressen den 14. januar 1913 for å bli guvernør i heimstaten dagen etter. I mellomtida hadde sitjande senator frå staten, Jeff Davis, døydd, og den lovgjevande forsamlinga i Arkansas valde Robinson til å overta denne stillinga, berre 12 dagar etter at han var blitt guvernør. Robinson trekte seg frå guvernørstillinga den 10. mars.

Senator

Robinson var den siste senatoren i USA som vart vald av ein stat si lovgjevande forsamling, i staden for å bli vald ved direkteval. Det sjuande grunnlovtillegget til den amerikanske grunnloven, som kravde ein slik røysting, blei ratifisert og blei verksam den 8. april 1913.

Robinson blei attvald til Senatet i 1918, 1924, 1930 og 1936. Han vart vald til opposisjonsleiar i Senatet for den 68. kongressen (1923–1925), og vart majoritetsleiar i 1933. Han var såleis leiar for Demokratane i Senatet inntil han døydde. Robinson var den første demokraten som var Senatet sin majoritetsleiar. Robinson leidde Senatet til å røyste for å armere handelsfartøy, og dessutan å erklære krig mot Tyskland.[1] Nokre senatorar likte ikkje Robinsons autokratiske stil. I debattar kunne han vere svært hissig; han vart raud i andletet, slo i pulten, gestikulerte vilt, og trampa i golvet.[2] Som senator blei han aldri gjenvalt med mindre enn 70 prosent oppslutning.

Ved presidentvalet i 1924 blei Robinson nemnt som ein potensiell presidentkandidat for Demokratane. Ved landsmøtet til partiet i New York same året, kom Robinson på tolvteplass i den 103. og endelege avstemminga over presidentkandidat som blei vunne av John W. Davis. Ved den 100. avstemminga var Robinson derimot så høgt oppe som sjetteplass. Landsmøtet var det i USA si historie der ein brukte lengst tid på å finna ein kandidat.

Visepresidentkandidat

Robinson vart vald til Demokratane sin visepresidentkandidat for Al Smith ved landsmøtet til partiet i Houston i Texas. Den felles plattforma deira inkluderte motstand mot alkoholforbodet i USA, og dei var dessutan motstandarar av Ku Klux Klan. Det at Smith var katolikk blei brukt mot dei. Paret enda opp med å vinne berre 8 statar, mot Herbert Hoover og Charles Curtis' 40 statar. Dei tapte i tradisjonelt demokratiske statar som Nord-Carolina og Tennessee, og Texas røysta republikansk for første gong.

Remove ads

Valhistorikk[3]

Meir informasjon År, Demokrat ...
Meir informasjon År, Demokrat ...
Meir informasjon År, Demokrat ...
Meir informasjon År, Republikanarar ...
Remove ads

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads