Juha Tiainen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Juha Tiainen (5. desember 1955–28. april 2003) var ein friidrettsutøvar og politimann frå Uukuniemi i Finland, som vann gullmedaljen i sleggjekast under OL 1984 i Los Angeles. Hans personlege rekord på 81,52 meter sette han i Tammerfors same året som han vart olympiameister.
Remove ads
Dei fleste landa i Aust-Europa boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles i 1984, noko som gjorde at mange av medaljekandidatane mangla i sleggekast-øvinga under olympiaden. Største favorittane til gullmedaljen var då dei to vesttyskarane Karl-Hans Riehm og Klaus Ploghaus. Etter to omgangar i finalen leia Ploghaus med 75,96 m, vel meteren føre italienaren Gianpaulo Urlando (som etterpå vart diska for doping) med Riehm på tredjeplass, Tiainen låg på sjetteplass med 72,64 m. I tredje omgang fekk både Riehm og Tiainen opp sine best kast i tevlinga, med høvesvis 77,98 m og 78,08 m. Ploghaus auka til 76,68 m i siste omgang og fekk bronse. Utan vinnarkastet sitt ville Tiainen hamna på fjerdeplassen i tevlinga.
Tiainen vart finsk meister i sleggekast seks gongar (1977, 1979, 1981, 1984, 1987 og 1990), og vann 13 medaljar i finske meisterskap (6-5-2).
Remove ads
- EM i friidrett 1982 i Aten: Nr 12 med 72,12 m
- VM i friidrett 1983 i Helsingfors: Nr 9 med 75,60 m
- Sommar-OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje med 78,08 m, framom Karl-Hans Riehm (77,98 m)
- EM i friidrett 1986 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa
- VM i friidrett 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa
- Sommar-OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa
- EM i friidrett 1990 i Split: Nr 9 med 73,70 m
Tiainen døydde i Lappeenranta av «viral lungebetennelse».
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (en) Juha Tiainen – Profil på nettsida til IAAF
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Juha Tiainen» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads