Juke Box Music
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Juke Box Music» er ein song av The Kinks frå albumet Sleepwalker i 1977. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men i motsetnad til den første singelen, «Sleepwalker», selde han for dårleg til å nå singellistene nokon stad. B-sida til singelen var «Sleepless Night» i Storbritannia og Tyskland, og «Life Goes On» i USA.
«Juke Box Music» handlar om ein musikkfan som trur på tekstane i songar ho høyrer på jukeboksane. Rolling Stone skreiv om songen at «det burde ha vore ein patetisk song, men likevel får Davies oss til å trampe takten og syngje med».[1]
Songen vart framført på Old Grey Whistle Test i 1977.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads