Sleepwalker

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sleepwalker er det 15. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks. Det kom ut i 1977. Albumet markerte ei retningsendring attende til meir beintfram rockesongar etter fleire år med konseptalbum. Det var det første albumet som musikkjournalistane vanlegvis kallar «arenarock»-fasen til gruppa, med meir kommersielle og vanlege produksjonsteknikkar. Albumet var òg det siste albumet deira med bassisten John Dalton, som slutta i bandet under innspelinga. Dalton spelar bass på alle songane utanom «Mr. Big Man».[2] Bandet brukte ikkje blåsarar eller korsongarar, slik dei hadde gjort på dei førre albuma. Albumet var det første dei gav ut på selskapet Arista.

Meir informasjon The Kinks-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Bakgrunn

Etter 1970 hadde The Kinks fått mindre og mindre suksess med utgjevingane deira, noko som kom av at bandleiaren Ray Davies gjekk tyngre inn i konseptalbum og ein meir teatralsk stil for bandet. Etter at bandet gav ut det meir rockeprega albumet Schoolboys in Disgrace i 1975, byta The Kinks selskap frå RCA Records til Clive Davis sitt Arista Records, og gjekk enno eit steg mot ein meir vanleg rockestil.[3]

Etter at bandet signerte kontrakt for Arista, byrja dei å planleggje det nye albumet. Like før albumet vart spelt inn vart studioet til bandet, Konk Studios utstyrt med ein ny 24-sporsopptakar.[3]

Remove ads

Innspeling

I mai 1976 byrja bandet å øvre inn nye songar (opp til 30 nye songar) som Ray Davies hadde skrive, og dei spelte inn kring 20 av dei.[3] Av songar som ikkje kom med på albumet finn ein titlar som «Power of Gold», «Stagefright», «Restless» og «Elevator Man». Sistnemnde vart gjeven ut av Ray Davies i 1994 på EP-plata Waterloo Sunset '94.[3] I juli 1976 vart fleire av songane spelte inn (men dei fleste vart ikkje nytta), mellom andre albumsongane «Juke Box Music», «Life on the Road» og «Brother», «Hay Fever» og «In a Foreign Land» som begge kom ut på det framtidige Misfits, B-sidene «Prince of the Punks» og «Artificial Light» (B-sider til høvesvis «Father Christmas» og «A Rock 'n' Roll Fantasy»), og dei avviste «Back to 64 / Decade», «Lazy Day» og «The Poseur». Sistnemnde kom ut på CD-utgåva av albumet.[3]

I september vart det spelt inn fleire songar for albumet, inkludert «Full Moon», «Sleepwalker», «Sleepless Night» og «Life Goes On».[3] Songar som ikkje kom med på albumet var «Child Bride», «Everything Is Alright», «One Woman Man» og «On the Outside» (sistnemnde kom ut på både CD-utgåva av Sleepwalker og i ei nyinnspeling på Waterloo Sunset '94). I oktober vart det spelt inn nye versjonar av «Juke Box Music» og «Life on the Road», i tillegg til den nye «Stormy Sky».[4] Ein annan song for Misfits, «Black Messiah», vart òg spelt inn. På denne tida slutta bassisten John Dalton, som hadde spelt i bandet lenge, etter ynskje om å vere meir med familien.[5][6] Ekstra lydpor vart lagt til songane i resten av oktober og november.[5]

For å erstatte Dalton vart den tidlegare Blodwyn Pig-bassisten Andy Pyle henta inn i gruppa.[5] Bandet spelte så inn «Mr. Big Man» i desember, som erstatta «In a Foreign Land» på albumet.[5]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Sleepwalker kom ut i februar 1977 i både USA og Storbritannia. Det gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men vart ein suksess USA, der det nådde 21. plassen på Billboard 200.[11] I mars kom tittelsporet ut på singel, med B-sida «Full Moon», og nådde 48. plassen i USA. Dette var den første singelen deira inne på Billboard Hot 100 sidan «Apeman» i 1970.[12] Oppfølgjaren, «Juke Box Music», gjekk ikkje inn på listene. Sjølv om Clive Davis hadde ønskt å få «Brother» ut på singel, som han samanlikna med Simon and Garfunkel sin «Bridge over Troubled Water», vart han aldri gjeven ut på singel.[3]

Albumet fekk generelt god kritikk, etter fleire av dei teatralske albuma deira hadde fått dårleg kritikk. Sleepwalker fekk positiv omtale av Billy Altman i Rolling Stone, som sa «The Kinks si framføring på Sleepwalker er lett det mest kraftfulle dei har gjort sidan 'Lola'.[11] I Storbritannia skreiv Allan Jones i Melody Maker at «Sleepwalker vitnar ettertrykkeleg om den dramatiske, kunstnariske tilbakekomsten til Raymond Douglas Davies, viss eineståande talent som låtskrivar så sørgjeleg har blitt oversett den første halvdelen av 70-åra. Albumet er verkeleg det sterkaste og mest organiserte albumet deira på fleire år.»[11] Giovanni Dadomo i Sounds var mindre positiv og sa «det er ikkje det flotte, nye albumet ein alltid håpar på.»[11]

Innhald

Alle spor skrivne av Ray Davies

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Kinks
Teknisk
  • Roger Wake - lydteknikar
  • James Wedge - fotografi
  • Bob Heimall - design
  • John Dyer - kunstnarisk leiar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads