Juks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Juks
Remove ads

Juks eller fusk er metodar for å skaffa seg fordelar på ein måte som bryt med skrivne eller uskrivne reglar, og opptrer mellom anna innan gambling, utdanning eller i næringslivet. For mange former for fusk er det fastsett straffer som mellom anna kan gjera fusket ulønsamt.

Thumb
Ein person som bruker falske fold på ein prøve

Fusk er per definisjon ikkje tillate, men visse former skaper meir publisitet enn andre. I sport blir doping sett på som svært alvorleg, og for offentlege finansar er skatte- og trygdesvindel alvorlege problem.

Remove ads

Former for fusk

Valfusk

Det finst fleire måtar å skaffa seg ulovlege fordelar under val, frå det som kan reknast som valtaktikk (som å spreia falske rykte om motstandarar) til å rigga sjølve røysteprosessen. Internasjonale valobservatørar kan sjå for seg av val finn stad utan stor grad av fusk. Val i rettsstatar blir ofte haldne slik at risikoen for fusk kan minskast, til dømes gjennom nøye dokumentasjon og slik at valfunksjonærar representerer ulike politiske grupper.

Fusk innan utdanning

Thumb
Jukselapp

Ulike typar fusk blir nytta innan ulike utdanningssituasjonar. Jukselappar er ulovlege nedteikningar på ein papirlapp som ein kan nytta ved eksamen, vanlege prøvar, tevlingar osb. for å prøva på forbetra sitt personlege resultat eller det til laget sitt. Liknande kan ein skriva fusk på handflatar, pultar eller klesplagg. Ein kan også fuska gjennom å sjå på svaret til nokon andre. For å hindra slikt fusk er det vanleg å ha strenge reglar for og overvaka gjennomføringa av viktige prøvar.

I takt med teknologisk utvikling har jukselappene delvis blitt erstatta av til dømes mobiltelefonar.

Innan vidare studiar blir plagiat av oppgåver rekna som fusk, og kan bli oppdaga ved hjelp av plagiatkontroll. Palgiat kan føra til utestenging frå studiane over eit visst tidsrom, eller til fullstendig utkasting.

Fusk i gambling

Juks i gambling handlar om å få overlegenheit over motstandarar eller kasinoet ein spelar på. I poker og andre kortspel kan korta bli manipulert av ein dyktig falskspelar. Fusk finst òg i andre hasardspel, som rulett og craps der det inneber rigga utstyr som magnetar, bytte roulette hjul eller spinn.

Juks i sport

Doping er ein type juks som gjev utøvaren fordeler.

I mange sportar handlar det om å overlista dommarane. I fotball kan ein spelar til dømes falla med vilje, såkalla filming, for å prøva å få dommaren til å døma fri- eller straffespark til spelaren sitt lag eller gje åtvaring til motstandarane.

Juks i dataspel

Juks i dataspel kan omfatta funksjon som er gjort moglege av utviklaren. Det kan nytta kodar eller jukseprogram som kan gje spelfigurar ekstra styrke eller påverka korleis spelebanen ser ut.[1] Ein meir avansert variant av fusk i spel som er distribuerte over fleire datamaskinar er endringar av programkoden til spelet på sin eigen datamaskin for å dra nytte av informasjon som klienten kjenner men truleg ikkje er gjeven spelaren, til dømes wallhack, som gjer at spelaren kan sjå motstandarane sine gjennom veggar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads