Juleroseslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Juleroseslekta (Helleborus) er ei planteslekt i soleiefamilien.[1] Plantane i slekta er vintergrøne fleirårige blomstrande plantar som er giftige. Dei har store, delte blad og blomar med stort, farga beger og små, røyrforma og nektarberande kronblad. Julerosa blomstrar svært tidleg om våren og er luktlaus. Blomane har fem kronblad. Dei finst i ulike fargar frå djupraud til kvit, og kan minna om roser. Trass dette og det norske namnet sitt høyrer dei ikkje til rosefamilien, men er i staden del av soleiefamilien.
Det er 20-21 artar i slekta, dei fleste frå Sør-Europa og Middelhavslanda. Plantene er svært herdige, og fleire artar er eviggrøne. Dei blir ofte dyrka i hagar, hovudsakleg fordi dei blømer om vinteren og tidleg om våren. Av desse dyrkar ein julerose (H. niger), som har svart jordstengel og kvite begerblad, grøn julerose, (H. viridis), med grøne, og hagejulerose (H. x hybridus), ein hybrid med raudbrune begerblad. Særleg julerose er ein populær juleplante.[2] Juleroseplantar har òg blitt brukt innan plantemedisin.
Remove ads
Utbreiing
Juleroser kjem frå Europa, frå Storbritannia, Spania og Portugal og austover (via Mallorca, Korsika, Sardinia og Hellas) til Romania og Ukraina, men òg langs nordkysten til Tyrkia og inn i Russland. Det største talet arter finst på Balkanhalvøya. Det finst ein art (H. tibetanus) frå Kina og ein annan (H. vesicarius) frå eit lite område ved grensa mellom Tyrkia og Syria.
Klokkejulerose (Helleborus foetidus), orientjulerose (Helleborus orientalis) og truleg òg julerose (Helleborus niger) finst forvilla i Noreg.[3]
Remove ads
Giftigheit
Heile planten inneheld gift som kan påverka hjartet. Giftene er stabile og forsvinn ikkje ved tørking. Som andre soleieplantaar kan blada òg føre til dermatitt.[4]
Folketru og mytologi
Det finst fleire mytar om juleroser. Innanfor trolldomskunst skal dei ha evne til å framkalla demonar. Julerose (Helleborus niger) vert sagt å ha fått namnet sitt fordi ho voks fram for fyrste gong i snøen der tårene til ei ung jente hadde falle. Ho gret fordi ho ikkje hadde noko å gje i gåve til Jesusbarnet. I gresk mytologi brukte Melampos frå Pylos juleroser for å redde døtrene til kongen av Argos. Dionysos hadde gjort dei galne så dei sprang nakne gjennom byen og skreik og gret.
Artar
Artar ifølgje Catalogue of Life:[1]
- Helleborus bocconei
- Helleborus croaticus
- Helleborus dumetorum
- Helleborus foetidus – klokkejulerose
- Helleborus lividus
- Helleborus multifidus
- Helleborus niger – julerose
- Helleborus odorus
- Helleborus orientalis – orientalsk julerose
- Helleborus purpurascens
- Helleborus serbicus
- Helleborus thibetanus
- Helleborus vesicarius
- Helleborus viridis – grøn julerose
- Blomstrande julerose.
- Grøn julerose
- Helleborus atrorubens
- Helleborus purpurascens
- Helleborus thibetanus
- Hagejulerose
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads