Julerose
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Julerose (Helleborus) er ei planteslekt i soleiefamilien. Plantane i slekta er vintergrøne fleirårige blomstrande plantar som er giftige. Dei har store, delte blad og blomar med stort, farga beger og små, røyrforma og nektarberande kronblad. Julerosa blomstrar svært tidleg om våren og er luktlaus. Blomane finst i ulike fargar frå djupraud til kvit, og kan minna om nyperoser, men høyrer trass dette, og namnet, ikkje til rosefamilien.
Remove ads
Det finst 20 artar i slekta, dei fleste i Sør-Europa og Middelhavslanda.
Av desse dyrkar ein kvit julerose (H. niger), som har svart jordstengel og kvite begerblad, grøn julerose, (H. viridis), med grøne, og hagejulerose (H. x hybridus), ein hybrid med raudbrune begerblad.
- Blomstrande kvit julerose.
- Grøn julerose
- Hagejulerose
- Helleborus thibetanus
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Kjelder
«juleroseslekta» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Julerose» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads