Julija Sanina

ukrainsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Julija Sanina
Remove ads

Julija Oleksandrivna Bebko (fødd 11. oktober 1990 i Kyiv), kjend profesjonelt som Julija Sanina, er ein ukrainsk songar og frontfigur i det ukrainske rockebandet The Hardkiss.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Sanina vart fødd Julija Oleksandrivna Holovan i 1990 i Kyiv i Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken, seinare Ukraina. Ho vaks opp i en musikarfamilie og stod på scena fyrste gongen som treåring. Etter kvart byrja ho å syngje som solovokalist og vart med i eit barneband og jazzstorband.[1]

Karriere

Sanina studerte etter kvart musikk, og var vokalist i bandet Sister Siren frå 2006 til 2008.[2] I september 2011 danna ho popduoen Val & Sanina saman med musikkprodusenten Valeryj Bebko. Dei gifta seg same år, og ho endra etternamn frå Holovan til Bebko.

Etter kvart utvikla dei musikkbiletet sitt og endra namn til The Hardkiss. Dei gjekk over frå russiskspråklege tekster til engelske tekster, og lydbiletet vart tyngre og meir rockete.[3]

I februar skreiv duoen kontrakt med Sony BMG. Bandet fekk rask aukande popularitet og vann fleire prisar i Ukraina og andre land. I 2014 oppretta Sanina også ein videoblogg på YouTube. Der fortalde ho om hennar eige liv og bandets virke bak scena.[4] I 2016 vart Sanina ein av fire dommarar i den sjuande sesongen av ukrainske X Factor.[5] Same år forsøkte gruppa seg i den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest, der dei tapte på målstreken for Jamala. Ho vann seinare Eurovision Song Contest 2016 med låten «1944». Sanina vart i 2022 røysta fram av folket til å vere dommar til Vidbir, den ukrainske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest.[6][7]

Sanina skal leie Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Alesha Dixon og Hannah Waddingham, og med Graham Norton i finalen.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads