Julius

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Julius
Remove ads

Julius er eit romersk slektsnamn som seinare er kome i bruk som mannsnamn.

Thumb
Byste av Julius Cæsar.

Det kan ha opphav i latinske iovilius, 'vigd til Jove', det vil seia guden Jupiter, eller stamma frå gresk ioulos (ιουλος), 'dun-skjegga'.

Kortformer av namnet er Jul, Julie og Lius. Jules, Julian og Julio er variantar, medan Julia og Juliane er kvinnelege former.

Julius har svensk namnedag den 16. februar og norsk den 12. april.

Remove ads

Bruk

Namnet Julius var brukt av ein tidleg pave og helgen, men var lite vanleg i mellomalderen. Det blei teke opp att som namn under renessansen i Italia og Frankrike, og spreidde seg så til resten av Europa.

Julius var utbreidd som døypenamn for norske gutar på midten av 1800-talet.

Historisk utvikling av populariteten til namnet Julius i Noreg.[1][2]

Namneberarar

Thumb
Julius Nyerere ved slutten av 1950-talet.
  • Julius Cæsar (100–44 f.Kr.), romersk keisar
  • Pave Julius I pave 337–352, katolsk helgen
  • Pave Julius II (1443–1513)
  • Pave Julius III (1487–1555)
  • Julius Hougen (1906–1993) journalist og mediemann
  • Julius Kambarage Nyerere (1922–1999), tanzaniansk frigjeringsleiar og den første presidenten i landet
  • Julius Paltiel (1924–2008), norsk jøde som overlevde Holocaust
  • Julius Erving (f. 1950), USA-amerikansk basketballspelar
  • Julius Jones (f. 1981), amerikansk fotball-utøvar frå USA
Remove ads

Annan bruk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads