Jurijus Veklenko

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jurijus Veklenko
Remove ads

Jurijus Veklenko (fødd 6. juli 1990), også kjend som berre Jurijus, er ein litauisk songar og musikar. Han representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Run with the Lions».[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bakgrunn

Veklenko vart fødd i Klaipėda. Han har jobba med musikk og song i ei årrekkje og var blant anna støttevokalist for dei litauiske bidraga i Eurovision Song Contest 2013 og 2015.[2] Under den nasjonale finalen i 2017 hadde han hovudvokalen på songen «Get Frighten» med dragartisten Lolita Zero.[3][4]

I 2019 vann Veklenko Eurovizijos Atranka, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «Run with the Lions». Gjennom sigeren fekk han representere landet i Eurovision Song Contest i mai 2019.[2] I januar 2019 vart Litauen trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Litauen hadde startnummer 13.[5] Veklenko vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[6] Han enda på ellevteplass og var berre eitt poeng unna tiandeplassen og ein plass i finalen.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads