Run with the Lions

From Wikipedia, the free encyclopedia

Run with the Lions
Remove ads

«Run with the Lions» ('spring med løvene') er ein popballade frå 2019 som vert framført av den litauiske songaren Jurijus Veklenko. Songen var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Thumb
Jurijus Veklenko framfører «Run with the Lions» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.
Remove ads

Bakgrunn

«Run with the Lions» er skriven av engelske Ashley Hicklin, amerikanske Eric Lumiere og sveitsiske Pele Loriano.[1] Songen vart plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkastaren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka. Songaren Jurijus Veklenko vart vald til å framføre han. Etter fleire innleiande rundar og semifinalar tok songen seg til finalen 23. februar 2019. Der vann «Run with the Lions» og vart det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019.[2]

Ein oppgradert versjon av låten vart utgjeven for nedlasting og strøyming 1. april 2019.[3][4]

Eurovision Song Contest

I januar 2019 vart Litauen trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Litauen hadde startnummer 12.[5] «Run with the Lions» vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[6] Songen enda på ellevteplass og var berre eitt poeng unna tiandeplassen og ein plass i finalen.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads