Jutta Heine

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jutta Heine
Remove ads

Judith Heine, kjend som Jutta Heine, (fødd 16. september 1940) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stadthagen i Niedersachsen som tevla for Vest-Tyskland og i olympisk samaheng eit alltysk lag. Ho vart europameister på 200 m i 1962, og vann to sølvmedaljar under sommar-OL 1960.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Under dei olympiske leikane i 1960 i Roma vann Heine sølvmedaljen på 200 meter bakom USA-amerikanske Wilma Rudolph. Også i 4x100 meter stafett fekk ho sølv, saman med landslagskollegaene Martha Langbein, Anni Biechl og Brunhilde Hendrix.

Heine vart europameister på 200 m i Beograd i 1962. På 100 meter vart ho nummer to, på same tid som vinnaren Dorothy Hyman frå Storbritannia, endå ei sølvmedalje fekk Heine med seg frå 4x100 meter stafett. Ho deltok i sommar-OL 1964. Her vart ho diska etter to tjuvstartar på 200 mo og kom på femteplass med det alltyske lag på 4x100 m stafett.

Heine vann den vesttyske meisterskapen på 200 meter i 1959, 1961, 1962 og 1963. På 100 meter vart ho vesttysk meister i 1962.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads