Kabul i Israel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kabul i Israel
Remove ads

Kabul (arabisk كابول}}, hebraisk כָּבּוּל) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel, 14 km søraust for Akko og nord for Shefa-'Amr.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Det er gjort funn av keramikkbitar frå persisk tid i Kabul,[2] i tillegg til gravkammer nytta frå det første hundreåret til 500-talet.[3]

Kabul er truleg den bibelske byen Cabul nemnt av Josva. I romartida kalla Josefus byen «Chabolo» og slo leir der. Han skildra han som ein utpost der ein starta streiftog til Galilea frå.[4]

Det er funne potteskar frå slutten av den hellenistiske og tidlege romartida, i tillegg til bysantinsk tid[5][6] og bad datert frå bysantinsk tid, som vart nytta langt inn i omajadetida.[7]

Al-Muqaddasi vitja Kabul i 985 evt., medan han vart styrt av abbasidane. Han skreiv at «det er ein by i kystområdet. Han har enger med sukkerøyr og dei lagar det beste sukkeret — betre enn nokon annan stad i SyriaAli frå Herat skreiv i 1173 at to av sønen til Jakob er gravlagde i byen, nemleg Ruben og Simeon.[8] Kabul var ein av dei viktigaste byane i Jund al-Urrdun.[9] Namnet under krossfarane var «Cabor». På 1300- og 1400-talet var han ein jødisk pilegrimsstad fordi gravene til dei jødiske vitskapsmennene og filosofane Abraham ibn Ezra, Judah Halevi og Salomo ibn Gabirol låg her.[10]

Restane av bygningar daterte til mamelukkane vart grave ut i 1999.[5]

Osmansk tid

I 1859 var folketalet estimert til 400.[11]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1875 og skreiv at «i sidene og toppen av åsen finst det mange cisterner, skore ut i berget, og mange bitar av steinar, fragment av søyler, restar av ein mur og og sarkofagar med diskar og kransar.»[12]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kabul som ein mellomstor landsby, med oliven i nord og sør.[11]

Det britiske mandatet

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet hadde Kabul eit folketal på 365, alle muslimar,[13] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 457, framleis alle muslimar, i 100 hus.[14]

I 1945 var folketalet 560, alle arabarar, med eit totalt landareal på 10 399 dekar, i følgje ei offisiell måling.[15] Av dette var 1 065 for plantasjar og irrigert land, 5 539 for korn,[16] medan 56 dekar var klassifisert som utbygde område.[17]

Etter 1948

Landsbyen vart erobra av Israel den 15. juli 1948 under Operasjon Dekel av Shevabrigaden. Israelske styrkar gjekk ikkje til åtak på Kabul og særs få av innbyggjarane i Kabul flykta frå landsbyen. Den 8. januar 1949 var innbyggjarane i Kabul, i lag med andre frå I'billin, av ei gruppe arabarar på 97 menn og 31 kvinner og barn, som vart drivne bort til Vestbreidda ved 'Ara.[18] Alle dei palestinske landsbyane i Galilea vart verande i unntakstilstand fram til 1966. Alle som ikkje var registrerte i folketeljinga i november 1948 var «ulovlege» og kunne deporterast.

I dag er det fem moskéar i byen.[19] I 1974 hadde han status som lokal kommune av dei israelske styresmaktene.[20]

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads