Kafr Takharim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kafr Takharim
Remove ads

Kafr Takharim (arabisk كفر تخاريم, òg skrive Kafar Takhareem eller Kfar Takharam) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Harem i nord, Salqin i nordvest, Abu Talha i vest og Armanaz i sør. Ifølgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Takharim eit folketal på 10 084 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Kafr Takharim nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 14 772.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Ibrahim Hananu, ein syrisk nasjonalist som leia den antifranske motstandsrørsla i Aleppo-området i 1919, var fødd i Kafr Takharim. Byen, som Hananu hadde representert i Den syriske nasjonalkongressen, tente som base for opprøret hans.[3] I 1958 vart kommunestyret i Kafr Takharim erstatta av eit kommunestyre som vart utpeikt av regjeringa.[4]

Kafr Takharim har vore åstad for demonstrasjonar mot regjeringa og opplevd vald under den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad. 1. august 2011 rapporterte aktivistar frå opposisjonen at over 175 menneske i byen vart arresterte og offentleg banka opp før dei vart sende i fengsel av tryggingsstyrkane og regjeringsmilitsen.[5] Frå februar 2012 har Kafr Takharim vore kontrollert av Den frie syriske armeen (FSA).[6] Den 1. oktober 2012 vart tre opprørarar drepne i Kafr Takharim under kampar mot den syriske hæren.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads