Kakelarar

fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Kakelarar
Remove ads

Kakelarar er ein biologisk familie av åtte fugleartar, Phoeniculidae, nært i slekt med sporvefuglar. Dei lever sør for Sahara og er ikkje trekkfuglar. Medan familien no har distribusjon avgrensa til Afrika sør for Sahara, syner fossile funn at familien ein gong hadde ei vidare utbreiing. Fossil av denne familien har vore funne i miocene bergartar i Tyskland.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Grønkakelar, Phoeniculus purpureus
Foto: DickDaniels

Morfologisk er kakelarar ei distinkt gruppe, og blir ikkje lett forveksla med nokre andre grupper.[2] Desse artane er mellomstore, 23-46 cm i lengd, inkludert ein lang hale.[3] Dei har iriserande fjørdrakt, ofte blå, grøn eller lilla, og manglar kam på hovudet slik som hærfuglar har.[4] Kjønna er like hos alle artar bortsedd frå hos ein art, brunhovudkakelar.[5] Nebbet deira er anten raudt eller svart, men unge fuglar med raudt nebb får òg svart nebb slik at farga har samsvar med alderen. Beina er skarlak eller svarte, og korte med tjukk tarse. Dei klatrar på trestammane som hakkespettar, og når dei beitar på bakken hoppar dei i staden for å gå som hærfuglar gjer.[2] Halen er lang og sterkt avrunda med dei sentrale fjørene som dei lengste, halefjørene har tydeleg kvite merke, som er vengene har.[3][5]

Remove ads

Leveområde og åtferd

Dette er fuglar med leveområde i open skog, på savannar eller i kratt av tornbuskar. Dei krev store tre både for fôring og dessutan å gjere hòlrom for hekking og nattleg kvile. To artar finst utelukkande i regnskog, brunhovudkakelar og kvithovudkakelar, alle dei andre artane finst i meir opne skoglandskap.[2]

Dei lever av leddyr, særleg insekt, som dei finn ved å søkje med nebbet i rotne tre og i sprekkar i borken.[5] Dei hekkar i ufôra trehol, legg 2-4 egg, som er blå, grå eller oliven. Hos dei fleste artar er egga einsfarga.[3]

Remove ads

Taksonomi og artsliste

Kakelarar er knytt til hærfuglar, saman med hærfuglar dannar dei ein klade, ifølgje Hackett eit al. (2008).[6] Høyrebeinet stigbøyel har felles og unike eigenskapar hos begge familiane, dette stør teoriar om nært samband mellom to desse gruppene.[7] Kakelarar liknar meir på hærfuglar enn andre familiar med dei lange nedkrumma nebba sine og korte runde venger. Genetiske studium tyder på at dei to slektene Phoeniculus og Rhinopomastus synast å ha skilt lag for ca. 10 millionar år sidan, derfor vil somme autoritetar handsame gruppene som separate underfamiliar eller jamvel som to distinkte familiar.[3] Dei åtte artane av kakelarar er i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[9]

Slekt Phoeniculus

  • Grønkakelar, Phoeniculus purpureus, Green Woodhoopoe, LC, Miller, 1784
  • Fiolettkakelar, Phoeniculus damarensis, Violet Woodhoopoe, LC, Ogilvie-Grant, 1901
  • Svartnebbkakelar, Phoeniculus somaliensis, Black-billed Woodhoopoe, LC, Ogilvie-Grant, 1901
  • Kvithovudkakelar, Phoeniculus bollei, White-headed Woodhoopoe, LC, Hartlaub, 1858
  • Brunhovudkakelar, Phoeniculus castaneiceps, Forest Woodhoopoe, LC, Sharpe, 1871

Slekt Rhinopomastus

  • Svartsabelnebb, Rhinopomastus aterrimus, Black Scimitar-bill, LC, Stephens, 1826
  • Sørsabelnebb, Rhinopomastus cyanomelas, Common Scimitar-bill, LC, Vieillot, 1819
  • Nordsabelnebb, Rhinopomastus minor, Abyssinian Scimitar-bill, LC, Rüppell, 1845

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads