Kamila Skolimowska

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kamila Skolimowska
Remove ads

Kamila Skolimowska (4. november 198218. februar 2009) var ein polsk sleggjekastar frå Warszawa som vart olympisk meister i øvinga under OL 2000 i Sydney, knapt 18 år gammal. Ho vann elles ein sølvmedalje i EM 2002 og ein bronsemedalje i EM 2006.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Skolimowska vart lagt merke til allereie som 15-åring, ho vann då sleggjetevlinga under junior-VM 1997. To år seinare gjorde ho ei liknande bragd då ho gjekk til topps under ungdoms-VM 1999 i Bydgoszcz.

Kort tid føre Sommar-OL 2000 slengde Skolimowska sleggja over 70 meter for fyrste gong. I Sydney auka ho til 71,16 meter og vann gullmedalje med nær 1,5 meters margin til Olga Kuzenkova og bort i to meter til Kirsten Münchow. Ho var den yngste gullvinnaren på friidrettsbana i Sommar-OL 2000.

Thumb
Kamila Skolimowska under den polske friidretts-meisterskapen 2007

Skolimowska kom på fjerdeplass i friidretts-VM 2001 i Edmonton, 82 cm bakom bronsevinnar Bronwyn Eagles frå Australia. Året etter tok ho sølvmedaljen ved EM i friidrett 2002 i München. Deretter vart ho nummer åtte ved VM 2002 i Paris, fem under sommarleikane 2004 i Aten og seks i verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki. Fire dagar etter VM-finalen vann ho sleggjetevlinga under universiaden i Izmir med eit bestekast på 72,75 m.

Skolimowska sikra seg bronsemedaljen då EM 2006 fann stad i Göteborg. Den 11. mai 2007 sette ho med 76,83 meter sin 17. polske rekord. Tre månader etter vart ho nummer fire i Osaka-VM. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen 2008 i Beijing, men hadde ikkje eit einaste godkjent finalekast.

Vinteren 2009 døydde Skolimowska brått under ein treningsleir i Vila Real de Santo António i Portugal. Dødsårsaka var fastslått å vere lungeemboli.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads