Kansas av Kansas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kansas er debutalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1974 på Kirshner i USA og Epic Records i andre land.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...

Debutalbumet kom ut etter at to band frå Topeka slo seg saman: Kerry Livgren, frå ei tidlegare Kansas-besetning, og White Clover, som spelte streit rock og blues. Det nye bandet fekk platekontrakt med Kirshner Records i 1973 og reiste til New York for å spele inn det første albumet sitt.

Materialet på Kansas var hovudsakleg skriven av gitaristen og klaverspelaren Livgren og vokalisten og klaverspelaren Steve Walsh, og var henta frå repertoaret til begge gruppene. Songane til Livgren var generelt lengre og meir utførlege enn Walsh sine med mystiske tekstar som spegla den intense interessa hans for austlege religionar. «Journey from Mariabronn» var inspirert av Hermann Hesse sin Narcissus and Goldmund, medan «Belexes» og «Aperçu» var inspirert av den pseudo-asiatiske stilen til Giacomo Puccini sin Turandot.

Kansas vart marknadsført i musikkpressa med slagordet «Kansas is Koming.» Ein singel kalla «Man the Stormcellars: Kansas is Koming!» vart sendt til radiostasjonar der Don Kirshner snakkar varmt om albumet. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Can I Tell You» og «Lonely Wind». Ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellistene, men eit konsertopptak av «Lonely Wind» (frå konsertalbumet Two for the Show) nådde topp 100 tidleg i 1979. Albumet kom ut med ommastra lyd på CD i 2004.[1] Ein ny ommastra versjon av albumet kom ut på vinyl i 2014.

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget syner abolisjonisten John Brown i ein scene frå Tragic Prelude, eit veggmåleri av Kansas-kunstnaren John Steuart Curry.[2] Det originale veggmåleri er måla på ein mur i Kansas State Capitol i Topeka. Fargane på plateomslaget er annleis enn originalen og syner berre ein liten del av det originale måleriet.

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei samtidig melding for New Musical Express skreiv Max Bell at trass i at Kansas hadde alle elementa for subtilitet, «er det mykje ordinær hardrock her, snøggleik og rytme, som raskt opphevar alle hint om originalitet», og syner ein mangel på personlegdom som forvandlar lyttinga av albumet til noko keisamt.[5]

AllMusic skreiv om blandinga av progressiv rock og boogie rock som unik, men hevda at det òg gjorde dei mindre interessante enn andre progressive rockeband. Dei kritiserte òg at dei var for ambisiøse: «her er mange skalaer og arpeggioar, galopperande triolar, dramatisk orgel og staselege balladar som ikkje signaliserer noko som helst og som ikkje går nokon stad.»[3]

Albumrt nådde 174. plassen på Billboard-lista i USa då det kom ut og selde våren 1974 135 000 eksemplar.[6]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Kansas
Andre medverkande
Production
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Salstrofé

Land Organisasjon ^År Sal
USA RIAA 1995 Gull (+ 500 000)[8]
Canada CRIA 1979 Gull (+ 50 000)[9]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads