Song for America
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Song for America er det andre studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1975. Albumet kom ut i ommastra format i 2004. Det ti minuttar lange tittelsporet vart redigert ned til tre minutt og gjeve ut på singel. Denne versjonen kom ut som bonusspor på 2004-utgåva av albumet.
Albumet nådde 57. plassen på Billboard-lista i USA og hadde i februar 1975 selt kring 250 000 eksemplar.[3] I juni 1980 hadde Song for America oppnådd gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar.[4]
AllMusic rosa «den intense energien» på dei kortare songane på albumet, men meinte at dei lengre songane kravde for mykje aktiv lytting for å kunne nytast. Dei konkluderte med at albumet «er ei bra (om noko umodent) innspeling for ei gruppe innan denne sjangeren.»[1]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Kansas
 
- Steve Walsh – orgel, ARP og Moog synthesizer, solovokal (utanom på «Down the Road»), korvokalist på «Down the Road» og «Lonely Street», piano på «Down the Road»
 - Kerry Livgren – elektrisk gitar og rytmegitar (utanom på «Song for America» og «Lamplight Symphony»), Moog og ARP synthesizer, ARP strings, piano (utanom på «Down the Road»)
 - Robby Steinhardt – fiolin, korvokal, solovokal på «Down the Road»
 - Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar, rytmegitar
 - Dave Hope – bassgitar
 - Phil Ehart – trommer, klokkespel på «Song for America», Moog-trommer og gong på «Incomudro - Hymn to the Atman»
 
- Produksjon
 
- Jeff Glixman - plateprodusent
 - Wally Gold - produsent
 - Peter Granet - lydteknikar
 - Tom Rabstenek - mastering
 - Ed Lee - kunstnarisk leiar
 - Peter Lloyd - måleri
 - Jeff Magid - produsent for ommastra utgåve
 
Remove ads
Salslister
Salstrofé
| Land | Organisasjon | År | Sal | 
| USA | RIAA | 1980 | Gull (+ 500 000)[6] | 
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads