Kantonen Genève
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Republikken og kantonen Gèneve (fr. République et Canton de Genève) er den vestlegaste av kantonane i Sveits. Kantonen er nesten omslutta av Frankrike, og grensar elles til kantonen Vaud i nord og Genfersjøen i nordaust. Som nokre andre sveitsiske kantonar, Ticino, Neuchâtel og Jura, kallar kantonen seg republikk i den sveitsiske konføderasjonen.
Remove ads
Remove ads
Heile 39,7% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar i 2011. Borgarar av 180 statar bur i denne mest internasjonale av alle kantonar i Sveits. Tre fjerdedelar av utlendingane kjem frå land i Sør-Europa. Både talemålet og skriftspråket i kantonen er fransk. Eit fleirtal av innbyggarane er romersk-katolske, noko som kjem av stor innvandring frå fjellregionane i Sveits og frå Italia i det siste hundreåret. Historisk var protestantismen den dominerande religionsforma i kantonen. Sidan tidleg 1900-tal har kyrkjelivet i Genève vore sterkast påverka av fransk kristenliv.
Remove ads
Kantonen Genève består av 45 kommunar. Den største kommunen i kantonen er byen Genève. Elleve andre kommunar har over 10 000 innbyggarar, dei er Carouge, Chêne-Bougeries, Lancy, Le Grand-Saconnex, Meyrin, Onex, Plan-les-Ouates, Thônex, Vernier, Versoix og Veyrier.
Byen Genève er frå romartida. På 400-talet vart byen hovudstad i Burgund. Etter det burgundiske riket braut saman, vart Genève i 1032 ein del av det tysk-romerske riket og kom i 1156 under fyrstebiskopen av Genève. Etter den protestantiske reformasjonen fekk byen riksfridom og vart frå 1533 rekna som ein sjølvstendig byrepublikk. Genève var i tida 1526-36 med i det sveitsiske eidsforbundet, der det kom med att i 1584.
Inspirert av den franske revolusjonen gjorde mellomstanden opprør i 1793, året etter vart ein demokratisk konstitusjon innført. Frankrike annekterte byrepublikken i 1798 og og la elles til landområda i kring byen, då det danna departementet Léman. Etter Napoleon var overvunnen, fekk republikken Genève sjølvstende. Året deretter, 1815, vart byen sveitsisk og hovudstad i den nydanna kantonen med same namnet.
![]() |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads