Kantonesisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kantonesisk
Remove ads

Kantonesisk eller yue er eit sinotibetansk språk som blir snakkar i Sør-Kina rundt Hongkong-området av rundt 80-100 millionar menneske. Ifølgje tidlegare tal er det rekna som om lag det 18. mest tala språket i verda.

Kjappe fakta

Kantonesisk blir skrive med kinesisk skrift som er blitt utvida med rundt 2000 teikn. Innan Kina blir kantonesisk gjerne rekna som ein dialekt av kinesisk, men språket skil seg meir frå standard mandarin enn til dømes norsk frå engelsk. Kantonesisk har seks eller sju tonelag, avhengig av dialekt. Mandarin har fire.

Thumb
Det kantonesiske språkområdet
Thumb
Kantonesiske dialektar

Dei kantonesisktalende områda omfattar Guangdong- og Guangxi-provinsane og regionane Hongkong og Macao. Dei blei innlemma i Kina under Tang-dynastiet for rundt 1 300 år sidan.

Remove ads

Bruk

På grunn av den økonomiske og kulturelle dominansen til Hongkong, er kantonesisk den kinesiske dialektgruppa som har den sterkeste stillinga bortsett frå mandarin.

Fordi underhaldningsindustrien fekk utvikla seg fritt i Hongkong medan det var eit britisk protektorat, fram til 1997, utvikla det seg ein kantonesiskspråklig musikk- og filmindustri. Ettersom Folkerepublikken Kina gav mindre gode vekstvilkår til kommersiell kultur, førte dette til at kantonesiskspråklige filmar i Vesten nær blei synonymt med «kinesisk film». Sidan 1960-talet har det utvikla seg ei særegen kantonesiskspråkleg popmusikkform, kalla cantopop, som har har verka inn på taiwanesisk og kinesisk pop («mandopop») likt britisk 60-tallspop har hatt på populærmusikken i Vesten.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads