Taurusfjella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Taurusfjellamap
Remove ads

Taurusfjella (tyrkisk Toros Dağları) er ei fjellkjede sør i Tyrkia, som skil kystregionen ved Middelhavet sør i Tyrkia frå det sentrale Anatoliaplatået. Systemet strekkjer seg langs ei kurve frå Eğirdirsjøen i vest til dei øvre områda av Eufrat og Tigris i aust. Dei er ein del av Det alpide beltet i Eurasia.

Kjappe fakta Land, Høgd ...
Remove ads

Fjella har mange toppar over 3 000–3700 moh. og kan delast inn i fire mindre fjellkjedar:[1]

  • Beydaglarifjella, vest, høgaste fjellet er Kizlarsivrisi på 3086 moh.
  • Aladaglarfjella, sentralt, høgaste fjellet er Demirkazik på 3756 moh.
  • Bolkarfjella, søraust, høgaste fjellet er Medetsiz på 3524 moh.
  • Munzurfjella, nordaust, høgaste fjellet er Akbaba på 3462 moh.
    • Mercanfjella, innanfor Munzur

Det høgaste punktet i dei sentrale Taurusfjella er Demirkazık på 3756 moh.[1]

Remove ads

Historie

Ein funnstad frå bronsealderen syner spor etter tinngruver ved Kestel.[2] Passet som i antikken vart kalla Dei kilikiske portane kryssar fjella nord for Tarsus. Under første verdskrigen vart det bygd eit tysk-tyrkisk jernbanesystem gjennom Taurusfjella, og dette vart eit viktig strategisk mål for dei allierte. Denne regionen vart spesifikt nemnd som eit strategisk kontrollert mål som skulle overgjevast til dei allierte i våpenkvilen som enda fiendskapen mot Det osmanske riket.[3]

Remove ads

Geografi

I Aladaglar- og Bolkarfjella har kalkstein erodert og danna karstiske landskap med fossar, undergrunnselvar og somme av dei større grottene i Asia. Manavgatelva spring ut frå sørsida av Beydaglarifjella.[4]

Turistmål

I tillegg til turgåing og fjellklatring,[1] er det to vintersportstader i fjella, ein ved Davras kring 25 km frå dei næraste to byane Egirdir og Isparta, og ein ved Saklıkent, 40 km frå byen Antalya.

Vardaviadukten, langs jernbanelinja mellom Konya og Adana ved landsbyen Hacıkırı i provinsen Adana, er ei 98 meter høg jernbanebru som vart bygd i 1910-åra av tyskarane.

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads