Karakalpakstan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karakalpakstan (karakalpak Qaraqalpaqstan, Қарақалпақстан) er ein sjølvstyrt region vest i Usbekistan. Næringslivet består av produksjon og eksport av bomull. Hovudstaden i regionen er Nukus, som ligg ved Aralsjøen.
Området har namn etter karakalpak-talande karakalpakfolk. Dette namnet er sett saman av 'kara', som tyder 'svart', og kalpak, 'hatt' eller 'lue'.[1] Sisteleddet -stan tyder 'land'.
Remove ads
Geografi

Karakalpakstan ligg i den nedste delen av Amu-Darja-bekkenet, og er no for det meste ørken.[2][3][4] Det har ein flatevidd på 164 900 km².[5] Regionen er også omgjeven av ørkenar, Kyzylkum i aust og Karakum i sør. I vest strekkjer eit steinete platå seg mot Kaspihavet.[6]
Folketalet i Karakalpakstan er estimert til rundt 1,7 millionar.[7] I 2007 blei det estimert at rundt 400 000 av dei var karakalpakfolk, 400 000 usbekarar og 300 000 kasakhar.[8] Språket karakalpak er rekna som nærare kazakhisk enn usbekisk.[9] Språket blei skrive med modifiserte kyrilliske bokstavar i sovjettida, og har blitt skirve med latinske bokstavar sidan 1996.
I tillegg til Nukus er andre større byar Xojeli (Ходжейли), Taxiatosh (Тахиаташ), Shimbai (Шымбай), Konirat (Қоңырат) og Moynaq (Муйнак), ein tidlegare hamneby ved Aralsjøen som no ligg på tørt land.
Remove ads
Historie
Karakalpakstan dekkjer oldtidsriket Khwarezm, men er omtalt i klassisk persisk litteratur som Kāt (کات). Mellom rundt 500 f.Kr. og 500 e.Kr. omfatta området eit frodig jordbruksland ved hjelp av omfattande kunstig vatning.[6] Karakalpakfolk som levde som nomadiske gjetarar og fiskarar blei først omtalte på 1500-talet.[8]
Karakalpakstan blei avstått frå Khiva-khanatet til Tsar-Russland i 1873.[10] Regionen blei skipa av Sovjetunionen i 1925.[11] Under Sovjetunionen var det eit sjølvstyrt område innan Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken før det blei del av Usbekistan i 1936.[12]
På grunn av den store minskinga av Aralsjøen er Karakalpakstan no ein av dei fattigaste delane av Usbekistan.[8] Regionen lir av tørke, dels grunna vêrmønster men også i stor grad fordi vatnet i Amu og Syr-Darja for det meste blir brukt opp aust i landet. Feilslåtte avlingar har ført til at 48 000 folk har mista hovudinntektskjelda si, og mangel på reint drikkevatn har ført til ei oppblomstring av infeksjonssjukdommar.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads