Usbekisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Usbekisk er eit austtyrkisk språk som blir tala i Usbekistan og omland. Usbekisk høyrer til qarluq-språka, og er dermed nært i slekt med uigurisk. Gjennom tidene har språket vore påverka av persisk, arabisk og russisk.
Usbekisk er tala av rundt 35 millionar, hovudsakleg i Usbekistan, nordlege og vestlege Tadsjikistan og nordlege Afghanistan. Det blir også tala i Aust-Turkmenistan, Sør-Kasakhstan og nordvestre Kina.
Remove ads
Dialektar
Usbekisk har to hovudgrupper av dialektar, nordleg og sørleg. Den sørlege har hatt mykje påverknad frå Iran. Den mest iraniserte dialektgruppa omfattar Tasjkent-, Bukhara- og Samarkand-dialektane. Den mindre iraniserte dialektgruppa har også hatt tadsjikisk påverknad, noko som har omforma den typiske tyrkiske vokalharmonien. Denne gruppa omfattar mellom anna Fergana- og Kokand-dialektane. Den nordlege gruppa blir tala i Sør-Kasakhstan og rundt Khiva i Usbekistan, og har mykje mindre persisk påverknad.
Remove ads
Skriftsystem
Det usbekiske skriftspråket byggjer i dag på dei sørlege dialektane. Fram til 1928 blei usbekisk, som dei fleste andre sentralasiatisk språk, skrive av skrivekunnige med ei form av arabiske bokstavar kalla jana imla. Frå 1928 til 1940 tok dei i bruk det latinske alfabetet (janalif), som ein del av eit sovjetiske prosjektet om å utdanna usbekarane. Dette skjedde samstundes som ei rekkje andre tyrkiske skriftspråk blei latiniserte.[3]
I 1940 innførte Stalin kyrillisk skrift for usbekisk, ei stode som varte fram til Sovjetunionen braut saman i 1991. Den sovjetiske rettskrivinga tok først dei nordlege dialektane som utgangspunkt og deretter dei sørlege.
Etter at Usbekistan fekk sjølvstende byrja ein gradvis å innføra latinske bokstavar, med eit offisielt vedtak i 1993. Medan kyrillisk framleis er i bruk, føregår mykje utdanning med latinske bokstavar.[4] I 2001 byrja ein skriva med latinske bokstavar på usbekiske myntar, og sidan 2004 har fleire offisielle nettsider gått over til latinske bokstavar.[5]
Under er ein tabell som viser usbekisk kyrillisk og latinske bokstavar, og kva lydar dei står for.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads