Karakum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Karakum
Remove ads

Karakum er ein sandørken sørvest i Sentral-Asia som dekker store delar av Turkmenistan. Ørkenen ligg mellom Kopet Dagh-fjella og elva Amu-Darja, aust for Kaspihavet og sør for Aralsjøen. Ørkenen Kyzylkum ligg i nordaust.

Thumb
Satellittbilde av Sentral-Asia med ørkenen markert.
Thumb
Satellittbilde av Karakum
Kjappe fakta Land ...

Karakum tyder 'svart sand' på tyrkiske språk. Namnet blir skrive Garagumturkmensk og Каракумы på russisk.

Ørkenen dekkjer rundt 350 000 km², som utgjer rundt 70 % av arealet til Turkmenistan. Han har ei nedbørsmengd på mellom 70 og 150 mm per år. Han er tynt folkesett, med gjennomsnittleg ein person per 6,5 km².[1]

Thumb
Frå Karakum
Thumb
Brennande gass i eit krater i Derweze.

Elvene Morghab og Tedzjen (Harirud) spring ut frå fjellkjeda Hindu Kush i sør og renn ut i ørkenen, der dei blir brukt til vatning. Ørkenen blir kryssa av den største vatningskanalen i verda, Karakumkanalen, som ein byrja å bygga i 1954. Han er 1375 kilometer lang og transporterar 13-20 km³ vatn i året.

Oasane Mary og Tedzjen er kjende for bomullstilverking.

Den transkaspiske jernbanen går gjennom Karakum.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads