Turkmenistan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Turkmenistan
Remove ads

Turkmenistan er eit land i Sentral-Asia. Det grensar til Afghanistan, Iran, Kasakhstan, Usbekistan og Kaspihavet.

Kjappe fakta Türkmenistan JumhuriyätiRepublik Turkmenistan (norsk: Turkmenistan, turkmensk) ...

Kommunistpartiet i landet er det einaste tillatne. Presidenten vart dyrka gjennom avbildingar og statuar, medan dei to bøkene hans er pensum i skulen. Reiser og kommunikasjon, til dømes media, er underlagde streng kontroll.

Thumb
Kart over Turkmenistan
(klikk på kartet for større versjon)
Remove ads

Historie

På 1100- og 1200-talet vart byen Merv ein av dei største byane i verda, med eit innbyggartal på opptil 500.000.

Turkmenistan var eit diktatur fram til desember 2006, då den sjølvutnemnde livstidspresidenten Saparmurat Nijazov døydde. Han styrte landet saman med det tidlegare kommunistpartiet i landet, som er det einaste tillatne.

Klima

Turkmenistan har eit kontinentalt klima med store daglege og årlege temperatursvingingar. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i landet. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Dei mest støvete områda er dei sentrale områda av Turkmenistan, som kan ha 60 eller fleire slike dagar i året. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Om sommaren kjem temperaturen sjeldan under 35 °C; om vinteren fell han ofte under -30 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behagelege temperaturar, mykje sol og lite nedbør. Asjgabat har ein årleg nedbørsnormal på 228 mm, men i ørkenområda kjem det berre kring 80 mm nedbør i året. I fjellstrøka kan det kome kring 300 mm.

Thumb
Satellittbilde av Turkmenistan.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads