Turkmensk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Turkmensk (Туркмен) er nasjonalspråket i Turkmenistan. Språket blir snakka av om lag 3,43 mill. menneske i Turkmenistan, og ca. 3 mill. i andre land, mellom anna Iran (2 mill.), Afghanistan (500 000) og Tyrkia (1000).

Kjappe fakta

Turkmensk er eit tyrkisk språk, eit sør-tyrkisk språk i den turkmeniske gruppa, i nært slektskap med krimtyrkisk og salar, og i fjernare slektskap med tyrkisk og aserbajdsjansk.

Turkmensk blir skrive med kyrillisk alfabet eller arabisk alfabet, no tildels også med det latinske alfabetet. Før den russiske revolusjonen vart turkmensk skrive med det arabiske alfabetet, frå 1928 til 1940, etter prinsippa i sovjetisk språkpolitikk, med det latinske alfabetet,[2] og seinare med det kyrilliske alfabetet, men med 5 tilleggsbokstavar, ә, ө, ү, җ og ң.[3]

1990-talet gjekk dei i Turkmenistan over til det latinske alfabetet, den turkmenske versjonen av Wikipedia blir til dømes skrive med latinsk alfabet.

A a B b Ç ç D d E e Ä ä F f G g
H h I i J j Ž ž K k L l M m N n
Ň ň O o Ö ö P p R r S s Ş ş T t
U u Ü ü W w Y y Ý ý Z z
Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads