Keith Reid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Keith Reid (19. oktober 1946–23. mars 2023) var ein engelsk låtskrivar som skreiv tekstane til dei fleste songane Procol Harum spelte inn.[1] I mange år budde han i USA.
Sjølv om han ikkje song eller spelte instrument for bandet, vart Reid rekna som ein særs viktig del av den langvarige suksessen til bandet i lag med vokalist og låtskrivar Gary Brooker. I lag skreiv dei nesten alle songane til bandet.
Han skreiv òg tekst for debutalbumet til den franske songaren Michel Polnareff i 1966. Reid sette sidan opp sitt eige managementfirma, Full House, arbeidde på eit skodespel og flytta til Manhattan i 1986. Han var òg medlåtskrivar på John Farnham-hitten «You're the Voice», som kom ut i 1986.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads