Keltisk harpe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Keltisk harpe
Remove ads

Keltisk harpe (òg gælisk harpe eller irsk harpe) er ei gruppe harpeinstrument som er kjenneteikna av ei krum søyle.[a] Stemminga er diatonisk og tonearten kan varierast ved hjelp av halvtoneklaffar, noko som har ført til det lettare nedsetjande namnet krokharpe.

Kjappe fakta Klassifisering, Hornbostel-Sachs klassifisering ...
Thumb
Queen Mary harp (Clàrsach na Banrìgh Màiri) utstilt i det skotske nasjonalmuseet i Edinburgh
Thumb
Kopi av ei keltisk harpe

Slike harper er kjende frå Irland, Skottland og Bretagne, og er tett knytte til den keltiske kulturtradisjonen. På 1500- og 1600-talet var dei populære i engelske hoff, og i barokktida blei dei spelte over heile Europa. Harper med liknande konstruksjon var òg i bruk i Noreg; dei blir i dag kalla norsk harpe.

Remove ads

Cláirseach/clàrsach

Tradisjonelt var harpene utstyrt med bronsestrenger – den irsk-gæliske nemninga er cláirseach, medan det på skotsk-gælisk blir skrive clàrsach. Denne harpetypen har ei lang og rik historie, i Irland og Skottland har ein spelt på harpe i over 1000 år, heilt fram til slutten av 1800-talet.

Den tidlegaste historia til den keltiske harpa i Europa er mangelfullt utforska. Tre av dei eldste autentiske harpene er cláirseach frå Dei britiske øyane, éi frå Irland og to frå Skottland.[1] Desse tre harpene blei bygde på 1400-talet, truleg i Argyll i Skottland.[2]

Bronsestrengene på dei historiske cláirseach-harpene er spent over ein massiv resonanskasse, som vanlegvis er laga av eit enkelt stykke piletre. Til resonanskassa er det festa ei forsterka, krum søyle. Halsen er gjerne ornamentert med utskjeringar og breie messingband. Instrumentet er vanlegvis blitt spelt med fingerneglane, noko som gjev ein klar og ringande tone.

Den overtonerike, diatoniske klangen til desse harpene er komen på mote igjen, og lokale musikarar freistar å halda liv i tradisjonen.

Remove ads

Moderne instrument

Den moderne «keltiske» (skotsk/irske) harpa, også kalla neo-irish harp, er ein etterfølgjar etter det historiske strengeinstrumentet. Ho er ca. 0,7 til 1,6 m høg og konsertutgåva har rundt 34 diatonisk stemde nylon-, karbon- eller tarmstrenger. Det inneber at bassomfanget er mykje mindre enn på doppeltpedalharpa, som vanlegvis har 47 strenger.

Dei berande delane av ramma blir bygde av morelltre, lønn, valnøtt og sjeldnare pæretre og eik. Resonanskassa er vanlegvis av gran, i blant òg overtrekt med finér.

Remove ads

I kulturen

Ei keltisk harpe er motiv på det irske riksvåpenet. Harpa var motiv på irske pundmyntar, og blei seinare avbilda på dei irske euromyntane.

Det irske lågprisflyselskapet Ryanair har ei stilisert irsk harpe som logo, mellom anna måla på halefinnane til flya.

Merknadar

  1. Ramma på ei harpe består av søyla (den vertikale delen som vender vekk frå harpisten), resonanskassen (som harpisten held mot kroppen) og halsen (den horisontale delen som bind saman søyla og resonanskassen)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads