Kepler Track

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kepler Track
Remove ads

Kepler Track er ei 60 km lang[1][2][3][4] sirkulær fotturrute som går gjennom imponerande naturområde på SørøyaNew Zealand, og startar nær byen Te Anau. Ruta går gjennom mange ulike landskapsformer i Fiordland National Park, slike som steinute fjellkammar, høgvaksne, mosegrodde skogar, innsjøstrender, djupe slukter, sjeldne våtmarker og elver. Liksom fjella han går over, er ruta namngjeven etter astronomen Johannes Kepler. Turen er klassifisert som ein av New Zealand Great Walks, og vert administrert av New Zealand Department of Conservation (DOC).

Thumb
Ein alpin del av Kepler Track.

Samanlikna med andre turruter på New Zealand, er denne stien bygd opp til ein svært høg standard. Der er bruer over dei fleste elvene, bordflaker over myrlendt lende, og dei brattaste stigingane har trappetrinn. Det er ein moderat fottur som det tek tre til fire dagar å gjennomføra.

Kepler Track er også staden for Kepler Challenge, eit årleg terrengløp gjennom heile den 60 kilometer lange løypa, som vinnarane fullfører på mindre enn fem timar.

Remove ads

Historie

Maorisegner fortel at Rakaihautu, den legendariske leiaren på maorimigrasjonskanoen «Uruaokapuarangi», namngav dei store innsjøane då han utforska dei indre delane av Sørøya. I ein peride med regnvêr fann ferdalaget hans ein stor og vakker innsjø som fekk namnet Te Ana Au, som tyder regngrotte, og like sør for denne ein annan innsjø som Rakaihautu gav namnet Roto Ua, sjøen der det regnar støtt. I dag er Roto Ua kjend Manapourisjøen. Kepler ligg mellom desse to innsjøane.

Richard Henry, den første skogvaktaren i Fiordland, budde i mange år ved den sørlege enden av Te Anau-sjøen, og drog ofte ut og gjorde seg kjend i Keplerområdet. James McKerrow kalla høgdedraget opp etter den tyske astronomen Johannes Kepler frå 1600-talet.

Dei første stiane opp til Mount Luxmore vart rydda av Jack Beer for leia til sommarbeite til sauene hans.[5] Mange turruter på New Zealand har utvikla seg frå maori-stiar eller stiar etter utforsking av pionerar. Men Kepler Track vart oppretta i 1988, og opna i februar dette året som «Great Walk» i samband med hundreårsjubileet til Fiordland National Park. Kostnadane vart dekte av turistdepartementet, New Zealand Tourist and Publicity Department. Meininga var å letta trykket på dei populære rutene Milford og Routeburn Track.[2][4] Ruta fekk eit betydeleg bidrag frå den internasjonale ekspedisjonen Operation Raleigh i 1986-87, der deltakarar frå heile verda bygde mykje av gangvegane og hyttene Iris Burn og Mount Luxmore.

Grottene ved Mount Luxmore vart også kartlagde, og Mount Raleigh, ovanfor Iris Burn, vart namngjeve.

Remove ads

Vandring

Det vert vanlegvis tilrådd å starta turen frå kontrollinngangen ved Te Anau-sjøen. Det er valfritt i kva retning ein ønskjer å gå turen. Dersom tida er knapp, kan turen kortast ned til tre dagar ved å forlata eller starta på ruta ved Rainbow Reach-hengebrua, og køyra dit med bil eller buss.

Sjølv om det er mogeleg å fullføra Kepler med telting, krev dette ein 10-timars gåtur mellom Brod Bay og Iris Burn leirstad. Det er mykje ,lettare å overnatta i Luxmore Hut den første natta, og så halda fram til Iris Burn-leirstaden for overnatting den andre natta, for så å fullføra turen til Rainbow Reach den tredje dagen.

Pris og tilgang til innkvartering varierer betydeleg mellom toppsesongen om sommaren, og lågsesongen om vinteren.

Meir informasjon Stad, Dag (Full) ...

Lake Te Anau Control Gates ligg om lag 4,6 km[2] frå informasjonssenteret ttil DOC i Te Anau.

Luxmorehytta og Te Anau-sjøen frå Kepler Track.
Remove ads

Plassering

Kepler Track ligg sørvest på Sørøya. Dei næraste busetnadane er Te Anau, 4,6 kilometer unna[2] og Manapouri, som båe har rikeleg med tilgang på husly, og butikkar som fører alle former for turutstyr.

Ein når fram til Kepler Track via Lake Te Anau Control Gates, anten etter vegen, eller ein 50 minuttars gåtur frå informasjonssenteret til Fiordland National Park i Te Anau, eller over hengebrua over Waiauelva ved Rainbow Reach, ein 10 minuttars biltur (12 kilometer) frå Te Anau.

Om sommaren går skyttelbussar til og frå start- og sluttpunkta for ruta, og der er rutebåtsamband til Brod Bay.

Hytter og leirstadar

  • Brod Bay leirstad
  • Luxmore Hut (hytte)
  • Iris Burn Hut (hytte)
  • Iris Burn leirstad
  • Moturau Hut (hytte)

Som med dei fleste hyttene langs Great Walks of New Zealand, må ein reservera på førehand hjå DOC. [6].

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads