Kerns
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kerns er ein kommune i kantonen Obwalden i Sveits. Kommunen har 5 600 innbyggjarar (2010) og eit areal på 93 km². Kommunesenteret ligg 564 meter over havet. Kerns grensar til kantonane Nidwalden i aust og Bern i sør.

Kommunen ligg på ein terrasse i sørvestsida av Stanserhorn og Arvigrat i dalane Sarneraatal og Melchtal. Han er den største kommunen i kantonen og består av landsbyen Kerns med delane Dorf, Siebeneich, Wisserlen, Halten og Dietried, grendene Sankt Niklausen og Melchtal samt feriestaden Melchsee-Frutt.
Remove ads
Langdistanseløparen Viktor Röthlin er frå Kerns.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kerns» frå Wikipedia på tysk, den 10. mars 2012 og «Kerns» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- Kerns på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads