Kfar Abida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kfar Abida
Remove ads

Kfar Abida eller Kfar Aabida er ein landsby 2 km sør for Batroun i Batroun distrikt i Nord guvernement i Libanon.[1] Delen av landsbyen i sørvest vert òg kalla det eldre namnet Fadous eller Fadaous.[treng kjelde]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Arkeologiske funn

Tell Fadous

Thumb
Flintreiskap frå yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen.

Tell Fadous, Tell Fadaous, Fadaous eller Fadeous er ein tell (ei kunstig høgd) sørvest for Kfar Abida som først vart undersøkt av R. Wetzel og J. Haller i 1945 oppom sementerte strandavleiringar på 6 meter.[2] Eit par Levallois-flintflak vart funnen på toppen av ei sanddyne.[3] Nyare studiar av Hermann Genz og Hélène Sader frå American University of Beirut har vist at tellen var busett fram til tidleg bronsealder, men vart så fråflytta seint på 2000-talet fvt.[4][5] Ralph Pederson frå Universitetet i Marburg studerte maritim arkeologi av kysten kring Tell Fadous. Pederson indikerte at staden «Tellbukta» kan ha vore nytta som hamnestad for fiskarar i bronsealderen, noko dei mange restane av fisk og stranskjel indikerer. Han fann òg eit flintblad frå yngre steinalder på grunna i Tellbukta.[6]

Fadous Sud

Fadous Sud eller Fadaous Sud er ein stad frå yngre steinalder i Qaraoun-kulturen som ligg sør for tellen, kring 300 meter sør for landsbyen. Han vart oppdaga av Maurice Tallon i 1957 mellom sjøen og vegen. Det vart oppdaga at staden strekkjer seg aust for vegen i 1966 av W.E. Wendt, då materiale vart gjenoppdaga og staden undersøkt av Lorraine Copeland og Henri Fleisch. Den store staden dekkjer 400 meter på kvar side av hovudvegen opp til sida av ein wadi.[7]

Fadous Sud viste seg å vere ein enorm flintfabrikk frå yngre steinalder med mange forskjllige typar grå flint og kremfarga chert med store kjernar og flag, og skraper, lange blad, endeskraper, og andre typar. Samlinga hadde særeigne likskapar med dei som vart funne ved Qaraoun frå same tidsepoke. Funna vart lagra ved St. Josef universitet.[7] Ei ny undersøking av staden vart utført i 2005 av Dörte Rokitta-Krumnow.[8]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads