Batroun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Batroun
Remove ads

Batroun (gresk Βοτρύς, Botrys; arabisk البترون, al-Batrun; arameisk בתרון, Bitron) er ein kystby nord i Libanon og ein av dei eldste byane i verda. Han er administrasjonssenter i Batroun distrikt.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Etymologi

Namnet Batroun kjem frå gresk, Botrys. Historikarar trur at det greske namnet kjem frå det fønikiske ordet bater, som tyder «å skjere» og kan syne til moloen som fønikarane bygde i sjøen for å verne seg mot tidvassbølgjer. Andre historikarar trur at namnet på byen kjem frå det fønikiske beit truna, som tyder «huset til høvdingen».

Turisme

Thumb
Makaad El Mir-ruinane på steinstranda i Batroun.
Thumb
St. Stefan-kyrkja
Thumb
Gammal fønikisk mur bygd for vern mot tidvassbølgjer.

Batroun er eit viktig turistmål i Nord-Libanon. Byen har titals historiske kyrkjer, både katolske og gresk-ortodokse. Byen er òg ein badeby med eit yrande natteliv. Sitruslundar ligg kring Batroun, og byen har vore kjend frå tidleg på 1900-talet for den ferske limonaden, som vert seld på dei fleste kafear og restaurantar i hovudgata.

Remove ads

Demografi

Innbyggjarane i Batroun er libanesiske og er maronittisk-katolske, gresk-katolske og gresk-ortodokse. Batroun er eit romersk-katolsk (latinsk ritus) bispesete[1][2][3]

Historie

Batroun er truleg den «Batruna» som er nemnt i Amarnabreva på 1300-talet fvt. Batroun vart nemnt av dei gamle greske geografane Strabon, Plinius, Ptolemaios, Stefanos Byzantius og Hierokles. Theofanes kalla byen «Bostrys».[4]

Fønikarane grunnla Batroun på sørsida av eit nes som i antikken vart kalla Theoprosopon og under Austromarriket, Lithoprosopon. Batroun er sagt å ha blitt grunnlagd av Ithobaal I (Ethbaal), kongen av Tyr, og dottera hans Jezabel (897-866 fvt.) gifta seg med Ahab.[5]

Byen kom under romersk styre som ein del av provinsen Fønikia Prima, og seinare, etter regionen vart kristna, vart han eit underbispedøme av patriarkatet i Antiokia.

I 551 vart Batroun øydelagd av eit jordskjelv, som førte til jordras og sprekker i Lithoprosopon.[6] Historikarar trur at den store naturlege hamna i Batroun vart danna under jordskjelvet.[7]

Tre gresk-ortodokse biskopar er kjende for å ha kome frå Batroun: Porphyrius i 451, Elias kring 512 og Stefan i 553 (Lequien, II, 827). I følgje ein gresk Notitia episcopatuum, skal det gresk-ortodokse bispesetet ha eksistert i Batroun sidan 900-talet, då byen vart kalla Petrounion'. Etter den muslimske erobringa av regionen vart namnet arabisert til Batroun.

Ein av dei arkeologiske funna i Batroun frå mellomalderen er krossfarar-festninga Mousaylaha som vart bygd på ei isolert, massiv klippe med bratte sider på ei slette omgjeve av fjell.[8]

Under osmansk styre vart Batroun senteret i ein caza i Libanon mutessariflik og setet for eit maronittisk bispedøme, som var underlagt Det maronittiske patriarkatet. Sidan 1999 har han vore setet for eit maronittisk eparki.[9]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads